49: Vatning, planter og sommarferie

49:47
 
Del
 

Manage episode 296743993 series 2799887
Av Gjengevoll Mangesysleri oppdaget av Player FM og vårt samfunn — opphavsrett er eid av utgiveren, ikke Plaer FM, og lyd streames direkte fra deres servere. Trykk på Abonner knappen for å spore oppdateringer i Player FM, eller lim inn feed URLen til andre podcast apper.

No er det endeleg sommar på ekte! Det vil sei at fellesferien har inntatt landet og folk flest nyt late dagar. "Ferie" på Gjengevoll vert nok ikkje det folk flest forbinder med ferie, men vi nyt i alle fall sommaren og eit litt anna tempo enn vi vanlegvis har.
Ved inngangen til juli ser vi lyset i enden av tunnellen for ein del av dei store oppgåvene vi har jobba med i fyrste halvår. Arealet som skal dyrkast i år er stort sett opparbeida, plantene er i jorda og vi kan byrja å ta fatt på andre ting som har vorte utsett. Snart vert vekstene i hagen mogne, og vi må heller tenkja på korleis vi kan få selt dei ferske varene i ei tid då folk er bortreist og REKO har ferie.
Forutan sal og salskanaler, pratar vi om vatningslogistikk, jordkvalitet, sommarplaner og oppgåver framover, og vi introduserer vår nye gardsbil Gunnhild!
Viss du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no

90 episoder