Gjengevoll Mangesysleri offentlig
[search 0]
Download the App!
show episodes
 
Artwork

1
Gjengevoll Pludrecast

Gjengevoll Mangesysleri

Unsubscribe
Unsubscribe
Månedlig+
 
Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå byfolk til heilstøpte bønder. I podden pratar dei om å starta og driva gard, kvardagen og utviklinga på Mangesysleriet, og større tema som livet, forretningsutvikling, politikk og berekraftig matproduksjon.
  continue reading
 
Loading …
show series
 
No har vi mykje nytt å melda! Kjetil har fått seg ny jobb (!), og det har på ein måte Mari óg (i meir enn ein betydning). Vil du vita meir, må du lytta til episoda :) Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram: @mangesysleriet Epost: hallo@gjengevoll.no P.S. Gi gjerne ei…
  continue reading
 
Dagane vert stadig lysare og våren kjem stadig nærmare. Det er godt å kjenna at den mørkaste vinteren er bak oss og at vi har ei lang periode med lys og varme foran oss der naturen kjem til live igjen. I denne episoda snakkar vi om våre erfaringer med å arrangera dugnad på garden, og deler eit par tips til ting å tenkja på viss du skal gjera det sa…
  continue reading
 
Årets mest ettertrakta (?) episode! I denne episoda gjev vi deg alle dei saftige detaljane om økonomien i drifta vår og fasiten for året som har gått. Kva gjekk i pluss? Kva gjekk i minus? Kva for salskanaler har funka best? Kva for produkt har vi selt mest av? Kva for nokre erfaringer har vi gjort oss og korleis vil vi gå vidare med bakgrunn i lær…
  continue reading
 
Vi har starta på eit nytt år, og med det er det på tide å venda om eit nytt blad i boka om livet på Gjengevoll. Vi har lagt jul og nyttår bak oss, og står i skjæringspunktet mellom å evaluera og reflektera over 2023, og leggja planar for året vi har foran oss. Ei spanande nyheit er at vi køyrer digitalt mangesyslarkurs denne seinvinteren, og at påm…
  continue reading
 
Jula og solsnu nærmer seg med stormskritt, og vi er to slitne bønder som byrjar å sjå lyset i enden av tunnellen. Det har vore ein travel haust og ein røff desember, og vi har fokus på å stå løpet ut fram til julefreden tek oss. I denne episoda prøver vi å muntra oss sjølv opp med å tenkja på kva vi er takknemleg for no når vi står midt i julestria…
  continue reading
 
Vi speler inn denne episoda etter dagens lefsebakst. No er det snart desember og julemusikken har fått lov til å entra produksjonslokalet medan vi står og baker. Mari bruker lefsebaksten til å reflektera over livet som bonde og som mangesyslar. I jakta på lønsemd og draumen om å skapa sin eigen jobb, kan det vera lett å gløyma seg sjølv og kva som …
  continue reading
 
Ja, vi er her framleis, skjønt det har vore stilt frå denne kanten ei stund. Det har vore ein del som har skjedd, mellom anna ein del farting fram og tilbake og mykje introspeksjon, men no er vi i gong med juleinnspurten og all bakinga som skal gjerast fram mot jul. Elles: Mari har vunne EM i kor! Vi har flytta hønsa ut i drivhuset for vinteren. Og…
  continue reading
 
I går sendte vi avgarde årets lam og sauer til slakt. Der vi tidlegare år har slakta ganske få dyr sidan vi har bygd opp flokken, slaktar vi i år ganske mange: sytten stykk. Og blant dei er nokre av dei vaksne sauene og. I denne episoda tek vi særleg farvel med gjerdehopparen Fride, dottera hennar Aurora og fjorårets flaskelam Valeria. Fride har vo…
  continue reading
 
Vi har gjennomført vårt fyrste introduksjonskurs for mangesyslarar! Vi samla ein ordentleg triveleg gjeng med ulike folk som hadde det til felles at dei ønsker seg eit annleis og naturnært liv utanfor hamsterhjulet. Vi jobba, snakka, draumte og delte tankane våre ei heil helg i lag, og stemninga var heilt nydeleg. Dette gav meirsmak, og no tenkjer …
  continue reading
 
Vi er godt slitne og legg ei innhaldsrik veke bak oss idet vi kan sjå tilbake på ei helg med både matfestival i Bergen og konsert på garden. Det er fyrste gong vi deltek på Bergen matfestival i år, som arrangerast for 24. gong. Vi går gjennom korleis vi førebudde oss, korleis standen såg ut, kva ein må tenkja på når ein står på marknad, og kva for …
  continue reading
 
Velkomen tilbake! Mari har vore fleire veker borte kjenst det ut som, på kurs og på fjelltur, men no byrjar kvardagen og hausten å slå inn. I dag er hovudtemaet (og frustrasjonen) lagringsplass, eller mangel på det, og tendensen mange (og kanskje særleg bønder) har til å samla opp ting. Mykje er ting som trengst i drifta, og særleg når ein er eit m…
  continue reading
 
Vi har hatt vår fyrste debiorevisjon! Det var mykje trivelegare og mykje mindre skummelt enn det vi såg for oss som relativt ferske øko-bønder. No har vi (framleis) økologiske grønsaker, urter og ville vekster, og til hausten vert det økologisk sauekjøt og også fleire økologiske foredla produkt. Elles er framleis ei av årets største nøtter (og året…
  continue reading
 
Juli går inn i august og årstidene kverner sin vante gang. Det er framleis sommar, men seinsommaren har ei annan kjensle, ei anna luft og eit anna lys enn forsommaren. Vi har relativt god piff og er relativt optimistiske for tida som kjem, samstundes som vi førebur oss på at tempoet frå sommaren skal gli over i haust-tempo. Vi snakkar litt om årsti…
  continue reading
 
Vi har kome oss heilskinna gjennom både bryllup og bryllupsreise, og har no vendt tilbake som nesten nye menneske. Halleluja! I denne episoda får du høyra mest om korleis bryllupet og den store bryllupsfesten vår var (spoiler alert: alt vart heilt fullstendig magisk), men óg litt om den korte, men deilige bryllupsreisa + og tida etterpå. Vi har til…
  continue reading
 
Vi lever! Jada, vi er her framleis og alt går sin gang på mangesysleriet. Men i tillegg til våronna har det vore litt ekstra mykje for oss å tenkja på dei siste vekene, for vi har samstundes jobba med å førebu oss til BRYLLUP. Er vi ikkje allereie gift, tenkjer du kanskje. Jo, det er vi, men festen fekk vi aldri hatt, og dei fleste fekk ikkje med s…
  continue reading
 
No er det snart 1. juni og fyrste sommarmånad! Kjetil er veldig nøgd med å ha fått eit minisagbruk i posten, slik at vi no kan saga våre eigne plank og materialar. Vi snakkar litt om korleis det funkar. Vi snakkar óg litt om sjeldne potetsortar, dyrking av korn, framskritta i hagen og ikkje minst den nye åkeren vi held på å anleggja no midt i våron…
  continue reading
 
Det er vår! Det plantast! Lamma er ute på beite! Sola skin! Dette bondelivet innbyr til det fulle og breie spekteret av livets store kjensler. Vi er overvelda over alt som skjer i naturen akkurat no og over det faktum at vi får lov å vera ein del av det heile. Samtundes er dei store konstrastane sterke i augeblikka kor vi plutseleg må ta stilling t…
  continue reading
 
Nyheit! Påmeldinga til kurset vårt den 19.-21. mai, introduksjonskurs for småbrukarar og mangesyslarar, har opna. Les meir og meld deg på her: https://gjengevoll.no/introduksjonskurs-for-mangesyslarar/ Gratulerer med dagen! I dag er det 1. mai, og vi feirer kampen for eit rettferdig samfunn med å snakka om jordbruksoppgjeret og bøndene sin kamp for…
  continue reading
 
Lamminga er over halvvegs, og det går unna i fjosen. Vi har fått mange fleire lam enn i fjor (og våre fyrste trillingar) og snakkar litt om kvifor lammetala varierer frå år til år. Vi kårer også dei beste sauemødrene våre, snakkar om riggen i fjosen og om beiting, parasittar og helse. Elles er det sjukt fine dagar for tida, noko som passar veldig g…
  continue reading
 
Vi har ein fjos full av høggravide søyer! I denne episoda fortel vi om korleis påska vår har vore, og koreis lamminga har gått så langt. Dei fleste lamma gjenstår, og dagane og nettene våre går no med til jamnlege turer til fjosen. Vi deler og nokre spanande nyhende: Vi skal ha vårt aller fyrste kurs på garden! Himmelfartshelga, 18.-20. (eller 21.,…
  continue reading
 
Endeleg er vi tilbake etter to veker med influensa på begge to. Og denne episoda er også årets fyrste ute-episode (tatt opp på verandaen)! Det betyr at våren er her for alvor. Vi nyter påskesola, sår masse frø og ventar på at lamminga skal byrja. Sidan sist har også Mari starta ein ny podcast! Den heiter Regenerativt liv og handlar om kjensler, aut…
  continue reading
 
Vi startar vekas episode med å takka for alle dei gode meldingane vi har fått sidan førre veke. Det å få lov til å inspirera og påverka til å skapa ei felles rørsle av engasjerte jordbrukarar, sjølvbergarar, mangesyslarar og bevisste forbrukarar er eit privilegium. Vi snakkar og om det å stadig læra og utvikla seg som bonde og som menneske. Vi er a…
  continue reading
 
Korleis påverka systemet? Korleis endra verda? I dag snakkar vi om det å engasjera seg for å forandra jordbrukspolitikken. Vi snakkar om systemet slik det er i dag, kva som er gale med det og kva som gjer at du kanskje skal engasjera deg likevel - nettopp fordi det trengst å forandrast. Mari fortel om helgas årsmøte i fylkeslaga til Hordaland og So…
  continue reading
 
I dag byr vi på ein klassisk pludre-episode der vi oppdaterer om nokre av tinga som har skjedd sidan sist, og litt stream of consciousness-prat. Du får ein god, gammeldags rant om Innovasjon Norge, litt prat om vatningssystemer, pengar, død og fordervelse, litt snakk om kor viktig sola er, og anna snacks. Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar…
  continue reading
 
Det å handla på REKO eller handla direkte frå bonden er eit verdival folk tek av ulike grunnar, mellom anna miljømessig berekraft, dyrevelferd, rettferdig inntekt til bonden, rein mat og helse. Men kva gjer ein når ein har ein partnar som ikkje støttar ein i vala og prioriteringane ein gjer omkring mat? Kva gjer ein når han eller ho ikkje tykkjer d…
  continue reading
 
Denne veka titter vi raskt innom for å gi ein oppdatering på korleis det går med hønseflokken vår (vi har hatt storslakt), og for å fortelja ei lita historie om steinar, sand og vatn. Dagens oppmoding er å tenkja gjennom kva du fyllar glaset ditt med. Fyllar du på med dei store steinane fyrst, eller fyller du på med vatn slik at det ikkje vert plas…
  continue reading
 
Vi har bestilt årets frø til hagen, og med det er hagesesongen 2023 i gang! Planen for kva som skal dyrkast i dei ulike beda er klar, og vi har eit ganske ambisiøst mål om alt som skal vera klart før plantene skal i jorda (mellom anna skal vi dyrka opp ein åker og gjera ferdig vårt nye plantefelt Sveits.) Vi snakkar litt om kva som vil vera dei vik…
  continue reading
 
I dag pratar vi om eit litt uvant tema, nemleg penge-tankesett. Eller sagt på ein annan måte: kva for slag bevisste og ubevisste historier vi fortel oss sjølv om pengar og rikdom. Folk har ulike syn på pengar, men ein ting er sikkert, og det er at pengesynet vårt har store konsekvensar for våre moglegheiter til å leva eit liv i overflod eller ha ei…
  continue reading
 
Når vi no er godt i gang med eit nytt år, er det på tide å sjå på rekneskapen for i fjor. Og etter to år med oppstart og minus i rekneskapen, er vi veldig spente: vart 2022 året kor vi endeleg gjekk i pluss? I denne episoda får du svar på spørsmålet, samt ein gjennomgang av kva for nokre produksjonar som har vore meir og mindre lønsame (eller har g…
  continue reading
 
I dag pratar vi litt om ustyrlege vêrar og hanar, og Mari fortel litt om kva ho har lært på helgas agronomsamling. Vi styrer inn på ein liten rant om teknologioptimismen i landbruket og korleis effektiviseringa har hjulpe oss å produsera meir mat på færre bønder. Det vert snakka om som eit effektiviseringseventyr, men effektvisieringa er eigentleg …
  continue reading
 
I helga hadde vi ein seremoni som har vorte ein ny tradisjon for oss, nemleg vårt årlege nyttårsritual. I det høve reflekterte vi mykje over året som gikk og året som skal koma, kva vi vil leggja bak oss og kva vi vil utvikla vidare. Vi deler nokre av tinga vi har satt oss som ønske og mål i 2023. Kanskje du kan kjenna deg igjen i nokre av dei? Vis…
  continue reading
 
Nytt år, nye moglegheiter! Endeleg har vi komt oss hit - til 2023. Fjoråret er lagt bak oss og vi har komt oss heilskinna gjennom desember til januar, den rolege perioda. Sola har snudd, dagane vert lysare. Vi har pusterom, og vonleg snart energi til å byrja å leggja konkrete planar for året foran oss. I denne episoda nemner vi nokre av dei viktiga…
  continue reading
 
Endeleg ny pludrecast-episode! No har vi hatt ein lang pause frå podden medan vi har måttet fokusera på desember-sirkuset. Det gode nyhendet er at vi har klart å koma oss fram til jul i god behald! Desember har budd på intense dagar, marknad og utleveringar, lange bakedagar, sjukdom og til slutt eit deilig julebord i byen for å få ein skikkeleg bra…
  continue reading
 
Vi tek ei pause frå juleførebuingane for å pludra litt og ta ein fot i bakken. Korleis går det? Korleis har vi det? Ikkje så aller verst, eigentleg! Alt går i perioder, men denne veka startar vi med eit friskt og litt lysare blikk framover. Energien tek seg opp, vi har trua, og snart er det jul. Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episod…
  continue reading
 
Kva for slags oppgåver er det som skal gjerast på garden på denne tida av året? Det får du eit innblikk i når vi går gjennom gjeremålslista for dei neste to vekene, og "masterlista" for garden som vert kontinuerleg oppdatert i nye versjonar 🙃 Ein ting er sikkert - å driva mangesysleri vert aldri keisamt eller einsidig! Viss du har spørsmål eller ti…
  continue reading
 
Det er travle tider! Vi har framleis mykje foredling av haustens råvarer å gjera, og skal samstundes byrja på juleprodukta, medan vi også må gjera ferdig alt som skal gjerast i hagen før vinteren kjem. I tillegg er det mykje marknadar og salsarbeid for tida, samt at hausten er høgtid for kurs og faglege samlinger. Og vi har mange besøk på garden. P…
  continue reading
 
Det er Mari sin bursdag! Starten på dagen vart feira med vaflar og is til frukost i lag med gjengen på garden. No er det haust og hyggestemning på Gjengevoll. Vi reflekterer litt over kor kjekt det er å vera fleire på garden, og kor mykje lettare det er å gjera hyggelege ting utan å få dårleg samvit når vi er fleire som gjer det saman. Vi har framl…
  continue reading
 
Tenk at det allereie er oktober! Vi avsluttar dyrkesesongen ute, og haustar inn dei siste grønsakene. I veka som kjem skal vi ha fokus på produksjon av matvarer vi kan selja på markandene før jul, og omstilla oss til å førebu oss på vinteren. Ute i hagen skal alle beda avsluttast og klargjerast for ein ny sesong. Drivhuset tømmast, ny flis skal leg…
  continue reading
 
I denne episoda har vi kapra vår eigne, lokale snittblomedyrkar Elisa til å snakka om alt som har med økologisk småskala blomeproduksjon å gjera. Elisa driv Dalahagen i Bjørnafjorden, og dyrkar snittblomar for direktesal i marknadshagen sin på eitt dekar. Kvifor er det viktig å tenkja økologisk også i blomedyrking? Korleis skil Elisa sin hage seg f…
  continue reading
 
Denne veka feirer vi at vi har laga hundre episodar av pludrecasten! Vi pratar litt om kor mykje som har skjedd sidan vi byrja å laga podcast, og vi snakkar om alle dei tinga vi er takksame for som gjer at feiringa vert ekstra stas. Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesy…
  continue reading
 
Dagens episode handlar om folkesjukdomen vi alle har (men kanskje ikkje er klar over), nemleg kronisk stress. Kva er stress og korleis påverkar det kroppen vår? Kva for langsiktige konsekvensar har kronisk stress, og kvifor normaliserer vi det i dagens samfunn? Ikkje minst - kva kan vi gjera for å bryta ut av den onde sirkelen og få eit liv med mei…
  continue reading
 
Vi pustar ut etter ein fortreffeleg helg med mykje hygge og kjekke folk. Denne helga inviterte vi nemleg nye vener og bondekollegaer på fest på garden, noko som nok fortener å verta ein fast tradisjon. Vi snakkar litt om det å danna nye venskap i vaksen alder, viktigheita av sosialt samhald og korleis bønder ofte er ei gruppe som av ulike grunnar e…
  continue reading
 
Vi har produsert opp ein del produkt og byrjar å verta klare for hausten. Kjetil og Sigrid har vore på sesongens fyrste marknad. Mari har vore på fyrste samling på agronomlinja for vaksne. Dei neste to åra skal ho vera på ei samling i månaden på Stend jordbruksskule for å få "bondeutdanning". Vi pratar litt om kva ho har lært i helga og kva ho gler…
  continue reading
 
Vi er tilbake i kvardagen etter nokre veker med sommar og unntakstilstand. Mari har vore på orkesterseminar og fjelltur, og vi begge har vore på byferie i to heile dagar. Hausten nærmar seg, og vi pratar om tider som endrar seg og korleis hausten ofte bring med seg kjensla av nye byrjingar. Mari har i laupet av sommaren fått ei lita openbaring når …
  continue reading
 
I dag snakkar vi logistikk! Kva er grunnen til at vi ikkje har traktor på garden? Korleis går det, kva saknar vi, og kva hadde vi måtta endra om vi skulle hatt ein traktor? Vi pratar også om fordelane og ulempene ved bruk av ATV og kvifor vi valte ein sekshjuling framfor ein firehjuling. Og så pratar vi om at hausten ikkje er så verst, og at Mari v…
  continue reading
 
I denne vekas episode snakkar vi litt om kva moglegheiter som finst for oppskalering av varer og tenester på garden. Vi snakkar om korleis gardskafeen har gått i sommar, og diskuterer ulike moglegheiter for aktiviteter og besøksverksemd for å få fleire bein å stå på økonomisk. P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcast…
  continue reading
 
Vi tittar raskt innom denne veka for å snakka litt om grønsaker, sommaren, livet, tida som går og at vi alle skal døy, kanskje snarare enn vi trur. Ingenting utanom det vanlege, altså. P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794! Viss du har s…
  continue reading
 
Vi er midt i juli, og sjølv om vêret ikkje gjev inntrykk av det, er sommaren godt i gang. Vi held på med sundagskaféar og jobbar på i hagen, som endeleg har byrja å kasta av seg dei fyrste grønsakene sjølv om det er tolva gradar og konstant regn. Elles sankar vi ville vekster, lagar stadig fleire produkt og rigger oss klare til ein travel haust med…
  continue reading
 
I frykt for at vi har klaga litt mykje i podcasten dei siste vekene, prøver vi å kompensera litt i dag! For alt er heldigvis ikkje alt svart, tvert imot er det ganske mykje å setja pris på. Og godt er det ❤️ P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnumme…
  continue reading
 
Det er berre å konstatera at no er det mykje. Vi balanserer på grensa til overveldelse. Av nyhende kan vi sei at vi har fordobla tal bifolk og laga tre nye avleggjarar av dei etablerte kubene våre, og vi har sendt avgarde fyrste pulje med grisar til slakt. Vi har kjøpt nye høner for å supplera eggproduksjonen vår. Vi står på for bare livet for å få…
  continue reading
 
Loading …

Hurtigreferanseguide

Copyright 2024 | Sitemap | Personvern | Vilkår for bruk | | opphavsrett