Gjengevoll Mangesysleri offentlig
[search 0]

Download the App!

show episodes
 
Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå byfolk til heilstøpte bønder. I podden pratar dei om å starta og driva gard, kvardagen og utviklinga på Mangesysleriet, og større tema som livet, forretningsutvikling, politikk og berekraftig matproduksjon.
 
Loading …
show series
 
Vi startar dagen med morgonmøte og planlegging av praktiske oppgåver denne veka, før vi går over til å prata om foredling av grønsaker. Kjetil har nemleg vore på kurs! Vi har óg fått inn eit lyttarspørsmål om dette temaet, så vi pratar ein del om ulike spørsmål knytt til grønsaksforedling: kvifor, korleis, kva? Viss du har spørsmål eller tilbakemel…
 
Det er eitt år sidan vi prata om økologisk mat i podcasten, og no tek vi opp att temaet. Vi har nemleg satt i gang prosessen med å debiosertifisera delar av produksjonen vår. I det høvet snakkar vi om korleis vi har tatt den beslutninga, og om kva for utfordringar som ligg i systemet for små produsentar som ynskjer å driva i tråd med ein økologisk …
 
9 av 10 bønder har lagt ned sidan krigen. No produserer knapt 36.000 bønder meir mat enn 350.000 bønder gjorde i 1950. Vi har vore på teater og sett Teater Vestland si framsyning "Bondetinget". I høve at Norges Bondelag er 125 år har dei valt å setja søkelyset på korleis den største bondeorganisasjonen sjølv har bidrege til utviklinga vi har vore v…
 
Etter ei periode med litt for mange hanar i flokken, har vi tynna ein del i rekkene. Haneslakt har vore helgas store gjeremål. og vi pratar litt om korleis ein gjer det og kva ein bør hugsa på. Resultatet no er ein langt rolegare flokk med nøgde høner, og mykje god mat i frysaren. Elles pratar vi om kva for førebuingar vi treng å gjera i hagen før …
 
Korleis har den sosiale fellesskapen på garden endra seg dei siste hundre åra? I gamle dagar budde ein i store familiar på gardane, og kanskje fleire familiar saman. Garden var ein arbeidsfellesskap og eit nav for det sosiale livet. I denne episoda av Gjengevoll Pludrecast reflekterer vi litt over om det eigentleg er berekraftig å driva gard på den…
 
Vi har hatt vårt fyrste offentlege arrangement på garden! Ein open gard-dag med kafé, butikk, program og allting. Alle i bygda var invitert, og jaggu om ikkje halve bygda møtte opp også. Vi fortel om korleis det gjekk, korleis vi førebudde oss til dagen og kva som kan forbetrast - og ikkje minst spreier vi masse feelgood om alle dei kjekke folka vi…
 
Vi tek opp tråden vi byrja på i episode 51 og fortset evalueringa av alle produkta vi har selt så langt. Denne episoda handlar om vår og sommar 2021. Korleis går grønsakssalet? Kva har vi selt mykje av? Kvifor skal vi ikkje selja bjørkeessens igjen? Og - kva for idear har vi fått for neste år? Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda,…
 
Denne veka har vi hatt vår fyrste ferie frå garden. Tre dagar har vi vore på bytur og forsøkt å kobla av medan vi har hatt verdas beste avløysar Harald til å passa på bruket. Korleis har det vore for avløysaren å ha eineansvar for garden? Og korleis har det vore for for oss å vera bønder i byen og slappa av? (Lettare sagt enn gjort!) Alt gjekk ikkj…
 
Etter mykje om og men er purkene våre sendt på kjærleiksferie! Dei skal kosa seg på Osterøy og vonleg kom heim igjen med små grisungar i magen. Denne veka skal vi også på ferie: heile tre dagar med det glade liv i storbyen! Dette vert fyrste gong vi forlatar garden saman, og det ser vi veldig fram til. Vi legg bak oss det fyrste året med podcasting…
 
Vi markerer rundt jubileum for podcasten. Tenk at vi straks har laga podcast i eit heilt år! Vi reflekterer litt rundt kva som har skjedd sidan fyrste episode. Er vi "ekte" bønder no? Den siste veka har vi fått vår fyrste bikube og har dermed starta vår nye næring innan birøkt. Vi skal også senda grisane våre på kjærleiksferie og gjer oss klar for …
 
No er det endeleg sommar på ekte! Det vil sei at fellesferien har inntatt landet og folk flest nyt late dagar. "Ferie" på Gjengevoll vert nok ikkje det folk flest forbinder med ferie, men vi nyt i alle fall sommaren og eit litt anna tempo enn vi vanlegvis har. Ved inngangen til juli ser vi lyset i enden av tunnellen for ein del av dei store oppgåve…
 
Kva er det gode liv? Det diskuterer vi i vekas pludrecast med utgangspunkt i boka "The good life" frå 70-talets sjølvbergingspionerar Scott og Helen Nearing. Vi pratar om økonomisk uavhengighet, fritid og sunnheit. Gardsdreng Harald Ottesen Nødtvedt er med som gjest! Viss du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, s…
 
Under over alle under - no er drivhuset endeleg ferdig og vi har flytta ut alle plantene. Så i denne vekas episode pratar vi om allting drivhus. Korleis prosessen har vore, kva har vi gjort der inne, korleis beda ser ut og ikkje minst, alt om den store tomatvandringa. Viss du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, …
 
Denne veka har vi vore med i to nyheitssaker, kor ei av dei var intet mindre enn nyhenda på sjølvaste rikskringkastaren. Stor stas med publisitet! Vi har og øvd oss på å klyppa sauar, og ikkje minst: No er drivhuset endeleg ferdig. Vi gler oss til å flytta ut alle tomatane. Viss du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svar…
 
No går det raskt framover i marknadshagen, og vi fortel om alle endringane som har skjedd ute sidan sist, og alle plantane vi har fått i jorda. Vi pratar og om planane våre om å få bier og starta med birøkting. No har vi vore og handla alt utstyret vi treng, og om nokre få veker får vi våre fyrste bifolk! Viss du har tilbakemeldingar til episoda el…
 
Vi har levert vår fyrste næringsoppgåve! Mari fortel om korleis prosessen med utfylling av skjemaa har vore og kva som er spesielt for landbruksføretak. I det høve pratar vi også litt om korleis det er å bruka Fiken som rekneskapsprogram for landbruk, og kva ein bør vera obs på, for dykk som har lurt på det. Vi går også inn på ein større diskusjon …
 
Vi er tilbake etter ei lita 17. mai-pause og oppdaterer på alt som har skjedd ute. Vi har fått masse hjelp frå gode dugnadsfolk og har tatt nokre sjumilssteg på hagefronten. No er dei fyrste vekstene i jorda og drivhuset på veg opp! Vi pratar også litt om mental helse, arbeidspress og opp- og nedturer som jordbrukarar. Viss du har tilbakemeldingar …
 
Denne veka tek vi for oss alt du lurer på (eller ikkje veit at du lurer på) om jordbruksoppgjeret, både generelt og 2021 spesielt. Fest setebeltet for ei skikkeleg nerdete episode! Visst du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram: @mangesys…
 
Vi gjev siste oppdatering på lammefronten: kor mange lam er komen? Korleis har lamminga gått? Vi pratar også om gjerdesituasjonen på garden, og korleis det å halda styr på dyr kan by på mang ein hovudpine. Særleg sauar med utforskartrang. Vi gler oss til No fence-en kjem i posten! Elles pratar vi om framskritta i hagen og kva som skjer ute for tida…
 
Denne veka tek vi for oss eit stort tema, nemleg korleis teknologioptimisme og fokus på effektivisering kan stå i konflikt til eit berekraftig matsystem. Er vi bakvendte fordi vi tykkjer beitedyr først og fremst bør eta gras? Var alt betre før? Eller er framtida mest mogleg effektiv (inne)produksjon av både dyr og grønt? Kva mister vi i så fall på …
 
Endeleg har dei fyrste lamma kome til verda. Ragnhild og Fride var dei fyrste ut, og no går vi og ventar på resten. I tillegg til å fortelja om det, pratar vi litt om furtne grisungar, kastrering av gris og framskrittene vi har gjort i hagen dei siste dagane. Visst du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gj…
 
Lamminga er like rundt hjørnet, og vi er peppa! I god pludrestil hoppar vi litt frå det eine til det andre i denne episoda, og sveiper innom ulike tema om kva som har skjedd på garden den siste tida, med eit par avsporingar til landbrukspolitikk, rekruttering, etymologi med meir. Takk til alle som har bidratt til nytt podcastutstyr ved å vippsa nok…
 
Livet på ein gard går ikkje alltid som planlagt. I dagens episode tek vi dykk gjennom opplevinga av å miste vårt fyrste friske dyr. Visst du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram: @mangesysleriet Epost: hallo@gjengevoll.no…
 
Vi tek oss påskeferie frå podkasten, men her er ein helsing med siste mini-nytt frå gården på vegen inn i påsken. Og tusen takk til alle som har vippsa oss pengar til podcastutstyr den siste veka! Kvart enkelt bidrag vert satt veldig pris på, og gjer vegen mot endå betre innahald med ny mikk og lydkort kortare. Om du vil senda oss ein slant, kan du…
 
Mesteparten av denne episoda vert via til vekas store hending. Vi har fått GRISUNGAR! Overraskings-grisungar intet mindre, for desse kom heilt bardus på både oss og verda. Vi pratar om oppdaginga, om korleis dei har klart seg dei fyrste dagane og om korleis det er å plutseleg vera ansvarleg for fem nye små vesen. Vi pratar også litt om solsikkespir…
 
Endeleg har Gerda komen til gards. Ho seier brom brom, er ein sekshjuling og skal hjelpa til med kvardagslogistikken på garden. No er også sevja så vidt byrja å stiga i bjørketrea, og vi pratar om planane våre for å sanka og selja både bjørkesevje og bjørkesirup dei næraste vekene. Sevje er det berre mogleg å få tak i nokre få veker i året, og det …
 
Denne veka er forma på podcasten eit intervju kor du som lytter har fått stilla spørsmåla. Vi har vitjing av Harald Ottesen Nødtvedt som har er programvert for anledninga, og stiller spørsmål både dykk og han lurer på. Har du tilbakemeldingar til episoda? Ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram: @mangesysleriet Epo…
 
Vekas store hending er at dei to purkene våre er komne! Dei heiter Annabelle og Beatrix, og vi fortel om deira fyrste møte med sin nye heim. Utanom det pratar vi om pengar og økonomi i dagens episode. Kva seier hovudtala så langt? Klarer vi å få drifta til å gå rundt? Kva har vi tent mest på så langt, og går vi i pluss eller minus for 2020? Ikkje m…
 
Å vera bedriftseigar inneber å selja ting, å vera synleg og å stikka hovudet fram frå tid til annan. Noko som kan vera skummelt for einkvar, særleg når ein vil gjera alle til lags. I denne episoda pratar vi litt om nettopp det - å tørra å meina ting, å gi inntrykk av at ein kan ting sjølv om ein kanskje ikkje føler det sjølv, dårleg sjølvtillit, im…
 
Kva er regenerativt landbruk? Vi har prata litt om verdigrunnlaget og prinsippa for drifta vår i tidlegare episodar, men aldri heilt snakka om kva som bind det heile saman. I denne episoda går vi inn i kva vi meiner at regenerativt landbruk er for noko, korleis det stillar seg høve til andre landbruksbegrep, og ikkje minst kvifor vi er opptekne av …
 
I kjent stil pludrar vi oss gjennom fleire ulike tema denne veka, og streifer innom både stort og smått. Vi har drengen Erlend på besøk som skal hjelpa til på garden nokre veker. Marknadshagen må framleis venta på at frosten tiner. Vi har fått liv i snøscooteren, Mari har fått ein ny hobby, og ikkje minst: Kjetil har vore og hilst på den neste bebu…
 
Vinteren er her framleis og snøen ligg som eit tjukt lag over Gjengevoll. Vi oppsummerer dei seinaste vekene og fortel om nokre av dei viktigaste hendingane som har skjedd på garden sidan sist. Send oss gjerne spørsmål og tilbakemeldingar på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram: @mangesysleriet Epost: hallo@gjengevoll.no…
 
Lurer du på kva ein marknadshage er og korleis ein kan koma i gong? I vekas pludrecast tek vi ein prat med Anna Karlsson. Ho er hovuddyrkar på det urbane andelslandbruket Fornebu Samdyrkelag og har mykje kunnskap om å få ting til å gro. Vi pratar om grønsaker og berekraftig matproduksjon, og Anna gjev mange gode og konkrete tips til kva ein bør ten…
 
Vi fortset der vi slapp i førre episode og deler planane for året. Med marknadshage, lamming, grisar, bier, sundagskafé og meir til, får vi heilt sommerfuglar i magen av å tenkja på alt det kjekke vi skal gjera i 2021! Send oss gjerne spørsmål og tilbakemeldingar på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram: @mangesysleriet Epost: hallo@gjengevo…
 
2021 er i gong, og vi er gira på å setja i gong med nye og spanande prosjekt dette året! I denne episoda byrjar vi å prata om planane vi har, og vi har mykje å snakka om, så fortsetjing følgjer i neste veke :) Send oss gjerne spørsmål og tilbakemeldingar på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram: @mangesysleriet Epost: hallo@gjengevoll.no…
 
Passande nok er vi komen til episode nummer 24 når jula ringast inn. Vi pratar om korleis jula er og har vore. Elles tek vi ei lita oppsummering av året som har gått no når 2020 seg slutten med stormskritt. Kva har vi eigentleg gjort i laupet av året? Kva kjem vi til å hugsa aller best frå det merkelege og halsbrekkande 2020? Send oss gjerne spørsm…
 
No har det endeleg byrja å koma julestemning på Gjengevoll! Vi har vaska og pynta, og ser målet om ein roleg juleferie koma stadig nærare. I denne episoda oppdaterer vi på kva vi har gjort i desember og korleis juleinnspurten med masse REKO-produksjon har vore. Vi pratar også om planene framover og kva vi ser for oss å bruka romjulen og byrjinga av…
 
Kva inneber det å vera bonde og eiga eigen bedrift? Korleis skil bønder som oss seg frå andre næringar og forretningsverksemder? I denne vekas episode går vi kort inn på dei ulike rollene ein moderne bonde kan ha, og pratar litt om forretningsmodellen vi har valt. Har du spørsmål eller tilbakemeldingar til episoda? Ta gjerne kontakt med oss på: Fac…
 
Vi har havna i julerushet - i år som produsentar! Julegåver, julemat og julepynt ser vi langt etter, men vi produserer spiselege julegåver Gjengevoll dag og natt. Vi pratar om korleis vi prioriterer tid, økonomi og energi, og snakkar litt om kva som eigentleg kan kallas å vera rasjonell bedriftsstyring. Og så tenner vi adventslys. Og! Vi har to sto…
 
Denne veka har vi tatt far vel med dei ti slaktegrisane våre. Korleis er det for nye bønder å senda dyr til slakt for fyrste gong? Det får du høyra alt om her. Gjer deg klar for ei kjensleladd episode. Du får også eit miniforedrag om forskjellen på gammalnorsk sau og gammalnorsk spælsau! Har du spørsmål eller tilbakemeldingar til episoda? Ta gjerne…
 
Denne veka har me hatt dreng på garden! Harald har hjelpt oss heile veka og bidrege med godt humør og muskelkraft, og vi snakkar om korleis veka har vore for byguten som har prøvd seg på det landlege livet. I tillegg pratar vi om stammespråk og forkortinger i landbruket. Det er nemleg ei lang liste med ord og uttrykk i denne næringa som ikkje er he…
 
Vi oppdaterer på grisane (dei har vorte flytta ein siste gong før dei snart skal til slakteriet), vi gler oss til å få besøk av Norsk Landbruksrådgjeving, og elles går mesteparten av episoda med til å gå i djupna på korleis eigedomen vår er bygd opp. Du kan fylgja med på kartet (Nibio sitt gardskart) medan vi pratar om dei ulike markslaga og kva vi…
 
Det er regn, det er mørketid, og denne veka har vi hatt ei ublid vitjing i fjøset som vart skjebnesvanger for fleire av kyllingane våre. Alt i alt eit godt utgangspunkt for å gørra litt. Men så er det rart med det, etter litt pludring vert verda på magisk vis betre. <3 Har du spørsmål eller tilbakemeldingar til episoda? Ta gjerne kontakt med oss på…
 
Denne veka handlar det meste om ost og ysting. Mari har nemleg vore på ystekurs i Aurland og er heiltent! Vi pratar om dei gamle, norske ystetradisjonane, om setring og budeier, om ystekultur som har vorte gløymd, om industrien som tok over, og om den nye generasjonen ystare som no hentar fram den gamle kunnskapen. Vi pratar om pasteurisering, om m…
 
I denne vekas episode (dryge 20 minutter inn) dykkar vi inn i store og viktige spørsmål knytta til etikk og dyrehald: Er det greit at vi menneske held dyr i fangenskap og drep dei for mat? Er det mogleg å forsvara dyrehald ut frå eit etisk standpunkt? Kva tenkjer vi om å ha dyr på garden og senda dei til slakt? Og kva ville alternativet til husdyrp…
 
Denne veka har vi vore på storhandling, og den største investeringen har vore ein sekshjuling! Den skal fungera som traktor på garden, og vi gler oss til å få ein maskin som kan gjera litt tungt arbeid for oss. Vi har og handla ein del utstyr som vi skal innreia produksjonslokalet med, der vi etter kvart skal få oss eit velutstyrt kjøken. Der penga…
 
I denne vekas episode er det ikkje måte på kva vi byr på! Frå grisar på tur og ein grønsakshage i fullstending omvelting, til første utlevering på REKO-ringen, lefsebaking og nyklekka kyllingar i hønsehuset. Vi svipper også innom litt politikk; Kjetil pratar om det å vera produsent, og Mari har harselert med Bondelaget. Finn oss på: Facebook: Gjeng…
 
Denne veka tek vi opp eit tema som er aktuelt for mange, nemlig utfordringen med å finna balanse i kvardagen. Det er vanleg å føla seg overvelda frå tid til annan, men kva skal ein gjera når det skjer heile tida? I denne episoda deler Mari og Kjetil om eigne utfordringar i kvardagen, om utbrenthet, stress og kjensla av å ikkje strekkja til. Og kans…
 
Vi startar med å fortelja om kva som har skjedd sidan sist: mellom anna har vi lagt julegrisane ut for sal (bestill her!), Mari har gått kjøkkenhage-berserk etter økologiske frø på Solhatt og Kjetil har hatt eit magisk griseaugeblikk. Hovudtemaet i episoda er økologisk mat. Kva er krava til økologisk produksjon, og kvifor har vi valt å ikkje prøva …
 
Episode ti! Kjetil har vore på kurs om hald og slakting av fjørfe, og gjev oss ei oppsummering frå det. Vi frusterer oss samstundes over kor vanskeleg det er å slakta dyr lokalt og i liten skala her til lands. Vi vil ha fleire lokale slakteriar! Elles er den store nyheita på Gjengevoll at saueflokken vår er komen! Det er vi så glade for at vi vert …
 
Loading …

Hurtigreferanseguide

Copyright 2021 | Sitemap | Personvern | Vilkår for bruk
Google login Twitter login Classic login