Ein podkast frå Medvind Næringshage. FOR og OM næringslivet i Etne og Vindafjord.
…
continue reading
- Vonde ting er jo heilt forbanna normalt! Kvifor har menn havna så langt bakpå når det gjeld pskykisk helse? Og kva kan eigentleg gjerast med det? Fastlege Karsten Hatteland og psykisk helse-entusiast Henning Aarekol har ein del dei skulle ha sagt om dette. Her får me det på under 30 minutt: Om poker, puslespel, og skit onda teppe.…
…
continue reading
Tre på tinget! Terje Halleland, Tove Elise Madland og Lisa Marie Ness Klungland om sine to fellesnemnarar: Vindafjord og Stortingspolitikk (og E134, naturlegvis...)
…
continue reading
Slit du med vonde tankar, depresjon eller psykisk tunge periodar, kan det vera nok å snakka med nokon om det for at det skal bli betre. Kommunelege Terje Kleiven, leiar i Etne og Vindafjord Mental Helse, og erfaringsmedarbeidar Wenche Evensen om depresjon, sjølvmordstankar og korleis ein kan hjelpa seg sjølv og andre ut av det.…
…
continue reading
Kvifor? Kvifor ikkje? Kva bør kvinner sjølv gjera for å redusera skilnadane? I denne episoden av Vindkast møter du tidlegre politikar og nå styregrossist, Thorhild Widvey, og advokat i Advokatfirmaet Elden, Ingrid Lauvås, som er med å diskutere kvinnedagen 2021.
…
continue reading
Kva skulle du bli når du blei stor? Det lokale næringslivet er fullt av brei kompetanse, mykje erfaring, interessante (og gjerne litt kronglete) utdanningsvegar. I denne Vindkast-episoden møter du politien som nå rekrutterer og tilbyr konsulentar, og administrasjonsmedarbeidaren som blei betongteknikar!…
…
continue reading
Betalingsmur, abonnentar, papiravis og nettsaker. Grannar spelar, som mange lokalaviser, ei viktig rolle. Korleis har året vore sett frå Grannar si side? Dagleg leiar Arve Skogen og redaktør Arne Frøkedal fortel om redaksjonen, bedriftsdelen, BA desken og kva gladsaker dei ønskjer seg i 2021.
…
continue reading
Høyr oss snakka med Sandeidspatriotane Tore Solberg og Stian Furseth om skapartrang og det å sette i gang nye prosjekter, bryte opp dører, bygge arbeidsmiljø, fredagsvafler, sirkeltrening og skapa gode møteplasser. Og ikkje minst - URPREMIERE på ein splitter ny Sandeidssong! God lytting!
…
continue reading
Psykisk helse er noko me alle har, men kva er det og korleis ta vare på den? Temaet for årets verdensdag for psykisk helse er «spør meir» eller «spør meir med alle sansane» som Sølvi Eide Lunde og Ingeborg Gussiås frå Etne og Vindafjord Mental Helse seier. Me høyrer gode råd om å støtte og vise omsorg til dei rundt oss i møte med psykisk lidelse.…
…
continue reading
Høyr om hans lange reis tur-retur Etne, vegen frå ingeniør til hotellsjef, opplæring under Fru Utne, og problemet med bil utan takluke. Møt Nils Einar Steinstø, ny dagleg leiar i Fikse Næringsforening.
…
continue reading
Om å vere russ under koronatida, Etne for alltid, A-lagskampar, studieretningar, avlyst revy og eksamen. Me snakka med unge lovande Johanne Rafdal Lauritsen, Madelen Frøland og Gustav Stople som er russ ved Ølen Vidaregåande skule. Og ja, me fekk russakort.
…
continue reading
Festivalar og konsertar har blitt avlyst. Artistar står utan spelejobb, lydteknikarar får ikkje brynt seg på oppdrag, og arrangørar får ikkje stelt i stand til marknad og fest. Likevel rår optimismen og fleire alternative løysningar har funne stad. Me høyrer frå Pakkerskaptein Sveinung Bjelland, styreleiar i ABC Studio Nils Halleland, og festivalar…
…
continue reading
Saman md Asbjørn Moe i Fikse Næringsforening diskuterer me mangfald, kvifor ein bør ha det i bedrifta og styret, og korleis ein jobbar mot det. Me såg på ferske tal frå næringslivet om korleis det står til med kjønnsfordeling og aldersfordeling i bedriftene i Etne og Vindafjord.
…
continue reading
Dagleg leiar Jarle Haugen, grunder Jarle Tveit og styreleder og forretningsutviklar Jone Tveit deler historier og erfaringar frå 50 år med Tveit Regnskap.
…
continue reading
Dei sit i komplekse leiarstillingar i endå meir komplekse organisasjonar. Dei styrer formannskap og kommunestyret, og må forhalde seg til både kommunelova og kardemommelova. Høyr ordførarane i Etne og Vindfjord sine tankar om 2019, mål for 2020 og om ordførarjobben!
…
continue reading
Om å få tala til å møtast, utvikling, satsingar og kalde føter. Frå det heile starta ved Bergselva med ei vassdriven mølle til det moderne byggekonsernet dei er i dag, Per og Martin Berge fortel litt frå Berge Sag si 131år lange historie.
…
continue reading
Med pluggen i øyra og fredagstacoen på vent. Bjarte Berge frå Circle K Ølensvåg & Jørgen Øyjord frå Sport1 Etne snakkar om service, etterservice, pappa og papen, og korleis kunden er kongen.
…
continue reading
Korleis få vatn til å renna oppover? Både statistikk og marknadsundersøkingar ville gitt tommel ned for satsingane til Andreas Hustveit, Jan Terje Rafdal og John Karsten Hustveit. Likevel er dei blitt unntaka frå regelen, som har lukkast med nisjeverksemder på landsbygda - mot alle odds.
…
continue reading
Anne Sofie Sandvik, Anette Lauareid Hovda og Merete Vårvik Matre tar praten om mangfald, deltidsstillingar, jegersamfunn og fulle skittentøyskorger.
…
continue reading
1
Tek-optimistar om rekruttering og karrieredraumar
22:17
22:17
Spill senere
Spill senere
Lister
Lik
Likt
22:17
Del 2 av den aller aller første podkasten til Vindkast og Medvind24. Anette Lauareid Hovda, Jone Tveit og Frode Robberstad snakkar om laust og fast januar 2019. Men at dei er forrektige optimistar kan ingen ta frå dei :-D NB! Litt dårlig lyd - det var etter denne vi skjønte at vi måtte ringe en venn <3 ABC Studio…
…
continue reading
1
Teknologioptimistar over ein kopp kaffi
33:57
33:57
Spill senere
Spill senere
Lister
Lik
Likt
33:57
Den aller aller første podkasten til Vindkast og Medvind24. Anette Lauareid Hovda, Jone Tveit og Frode Robberstad snakkar om laust og fast januar 2019. Men at dei er forrektige optimistar kan ingen ta frå dei :-D NB! Litt dårlig lyd - det var etter denne vi skjønte at vi måtte ringe en venn <3ABC Studio…
…
continue reading