Skimtvis offentlig
[search 0]
Mer
Download the App!
show episodes
 
Artwork

1
Skimtvis

Kristian Hus

Unsubscribe
Unsubscribe
Månedlig
 
Kristian Hus snakkar med folk i Kvinnherad og Sunnhordland som har noko å fortelja. På nettstaden Skimtvis.no finn du fleire lokale saker og intervju.
  continue reading
 
Loading …
show series
 
Lars Jostein Rørvik var knappe 18 år gammal då han i 1966 fekk tilbod om å bli vokalist i dansebandet The Tempers. Seinare har han stått på ulike scenar og sunge i fleire band i over femti år. Ei oppteljing viser at han frå 1979 og utover hadde kring 300 speleoppdrag rundt om i heile distriktet, kven som engasjerte dei og kor mykje dei tente på kva…
  continue reading
 
Frode Sæbø var blant mannskapet på fiskeskøyta «Fjelldur», som i 1972 hadde fått oppdraget med å reisa til eit småbruk på Borgundøy i Fjelberg for å henta sauene til Tjerand Aske – med tvang. Oppdragsgjevar var dyrevernnemnda i Kvinnherad kommune. Frode var på fiske og minnest enno det uvanlege ærendet han og nokre andre ungdommar frå Halsnøy var m…
  continue reading
 
Han var stor og sterk, men stillfarande, og kanskje endåtil litt sjenert og folkesky. Slik hugsar Per Arne Fjelberg frå Halsnøy småbrukaren og fiskaren Tjerand Aske. Han må ha slite noko forferdeleg for å halda liv i seg og dyra, legg halsnøybuen til når han fortel. Per Arne minnest enno godt synet av Tjerand, som rodde rundt i distriktet for å kjø…
  continue reading
 
Ikkje er han døypt, ikkje er han konfirmert og ikkje trur han på nokon gud heller, snart 92 år gamle Per Flatebø i Mauranger. Derimot er han politisk overtydd; han røystar på partiet Raudt og vil gjera det neste gong òg, om han lever. Han har meir tru på dei raude enn på nokon andre. Alkohol bryr han seg heller ikkje noko om lenger. Vi besøkjer Køy…
  continue reading
 
Fredag 9. januar 2020 var det femti år sidan den tragiske rasulukka i Mauranger, der sju menneske omkom, fire av dei frå Kvinnherad. Hendinga sette varige spor, særleg i familiane som miste ein av sine, den yngste var knapt 18 år då raset tok han. Dagen blir hugsa som ein svært trist og vond dag for alle i det vesle bygdesamfunnet. Verst var det sj…
  continue reading
 
Jarle Fossheim frå Seimsfoss var i 1972 med og henta om lag 80 sauer frå ein avsidesliggjande gard på Borgundøy i Fjelberg – med makt. Dyrevernnemnda i Kvinnherad hadde fått melding om vanrøkt og rykte ut ilag med ein lensmannsbetjent for å ta hand om alle dyra. Mange av dei var i elendig forfatning, og trong fôrast opp på ein annan stad viss dei s…
  continue reading
 
– Eg bur i ei pappøskje, men har det bra! Det fortalte Tjerand Aske til venen Terje Fjellhaugen i Matre, då han var ein snartur heimom frå Oslo tidleg på 1970-talet. Året før hadde Tjerand vore på anleggsarbeid i SKL nokre månader, men var blitt oppsagt om hausten ilag med seks andre mellombels tilsette. Bakgrunnen for oppseiinga var at det var for…
  continue reading
 
Tjerand Aske levde på mange måtar eit villmannsliv, men var på ingen måte ein villmann, slik vi tolkar ordet. Det fortel Torleiv Sydnes frå Halsnøy i dette intervjuet. Den tidlegare bonden og journalisten har berre gode minne etter den særeigne småbrukaren frå Borgundøy, som mange i lokalmiljøet hadde sine eigne meiningar om. Blant folk flest blei …
  continue reading
 
– Vi har hatt eit godt liv, og er glade for at vi får vera to ilag i siste del av livet vårt, seier Bjarne Kaldestad (94) ettertenksamt. Kva som kjem etterpå, når det ein gong er slutt her på jorda, går han ikkje rundt og tenkjer på til dagleg. Men han filosoferer likevel av og til over liv og død og kva som er meininga med livet. Han er sikker på …
  continue reading
 
– Livet har fare fint med meg, trass i nokre sjukdomstilfelle, så eg gler meg kvar dag over at eg har det så godt no i alderdomen. Det seier Aslaug Eik, tidlegare lærar og bondekone i Omvikdalen. Til sommaren blir ho 92 år. Ho tykkjer det gjev ein ekstra bonus når ho stundom blir spurt om å skriva litt for andre, eit dikt eller ein prolog, det gjev…
  continue reading
 
Håkon Røssland frå Husnes har vore døden nær to gonger i livet sitt, og det er nesten utruleg at han overlevde den siste gongen – i september 2016 – då han fekk hjarteinfarkt med påfølgjande hjartestans i tjue minuttar. Men allereie tre dagar etter fødselen i 1948, heldt han på å dø. Den vesle guten hadde fått skarlagensfeber med 42°C i feber og in…
  continue reading
 
Ovidia Jaastad (101 år) har budd i Hardanger sidan før siste verdskrigen. Likevel er ho kry over at ho framleis kjenner seg som ein ekte kvinnhering. Vi har møtt henne på Utneheimen, der ho har budd dei siste fem åra. Her har ho det trygt og godt på alle måtar; får godt stell av kjekke og flinke pleiarar og middagsmat frå eige kjøken kvar dag. – Ei…
  continue reading
 
– Det er eit einsamt liv å vera åleine når du er gammal, så eg vil helst flytta herifrå no, seier snart 99 år gamle Kasper Hjelmeland i Omvikdalen. Men då tenkjer han ikkje først og fremst på at det minkar på tida hans her på jorda, men at han får seg ein plass ved Ølve alderspensjonat om ikkje så lenge. Om han får leva ei stund til, er det dit han…
  continue reading
 
Trygve Haugland i Uskedalen nærmar seg 89 år, men seier som Kong Harald; det er berre eit tal. Han kjenner seg ikkje gammal på noko vis. Einaste plage han har, er at føtene ikkje alltid er som dei skal. Bortsett frå det fungerer både hovud og syn så bra at han framleis kan køyra på tur i bubil med kona si. Dei to overtok garden på Haugland i 1960 o…
  continue reading
 
Johannes Johnsen på Sæbøvik er glad for å kunna bu heime ilag med kona si, Kristine, så lenge han kan. Når dei er to, held dei også liv i kvarandre, seier mannen som no nærmar seg 92 år. Eit liv på Halsnøytunet, der mange berre sit og stirer inn i veggene, ser Johannes absolutt ikkje for seg. Han trur det blir alt for passivt for ein som har arbeid…
  continue reading
 
– Så sant du slepp unna alvorlege sjukdomar og får behalda ei nokolunde tilfredsstillande helse, er det ikkje så ille å bli gammal. Det seier snart 97 år gamle Trygve W. Eikeland på Sunde. At høyrsel og syn er vorte litt dårlegare med åra, plagar han ikkje så mykje. Verre er det at han på grunn av ein dårleg rygg ikkje får stelt eigedomen sin lenge…
  continue reading
 
Arnfinn Ølfarnes frå Utåker kan sjå attende på eit rikt liv, både som sjømann, innkjøpssjef og bonde. I leiligheten sin i Panorama Senter på Husnes, der han har god utsikt til aluminiumverket, reflekterer han no mest over det som har vore, og mindre over det som skal koma; slutten på livet. – Eg er nøgd med livet eg har levd, og gler meg over å ha …
  continue reading
 
Klara Døssland likar seg godt heime på garden sin langt oppe i Uskedalen, og vil bu her så lenge ho kan. Ein plass på aldersheimen, slik fastlegen har tilbydd henne, ser ho i alle fall ikkje for seg. – Han er ein kjekk kar, legen min, men eg måtte seia klart ifrå om at han ikkje måtte nemna det for meg fleire gonger, seier Klara i dette lyd-intervj…
  continue reading
 
Då engelske fly gjekk til åtak på Slåtterøy fyr utanfor Brandasund i Fitjarøyane, der eit tjuetals tyskarar var stasjonerte under andre verdskrigen, måtte den då 5 – 6 år gamle Aslaug Torget, ei mindre syster og mora deira ro alt dei kunne for å unngå å koma i skotlina. Alt medan dei såg og høyrde lyden frå bombeflya, kom dei seg inn i ei bergkluft…
  continue reading
 
Karoline Røssland (snart 91) voks opp i små kår på ein liten gard på Bømlo i førkrigstida ilag med foreldre og sju søsken. Det var smått med pengar og faren var mykje ute på arbeid, slik mange andre måtte på den tida. Dermed blei det mora og ungane som tok seg av det meste heime, både ute og inne. Men Karoline minnest likevel barne- og ungdomstida …
  continue reading
 
Birgit Boland på Hatlestrand nærmar seg 96 år, og er det næraste vi kjem eit levande leksikon. I dette lyd-intervjuet fortel ho om korleis det var å veksa opp i Osa i Hardanger, som einaste barn i familien. Mora fødde i alt sju born, men seks av dei døydde etter berre nokre få dagar. – Det var ein tragedie, kan du vita, seier Birgit i intervjuet. L…
  continue reading
 
Sommaren 1939, før Bernt Kaldestad hadde fylt 18 år, fekk han jobb som kokk på ein fiskebåt, der han laga mat til tolv mann. Båten dreiv med brislingfiske i fjordane rundt om i Sunnhordland og Hardanger. I dette lydintervjuet fortel den no 93 år gamle Kaldestad om tida som kokk om bord. Han må ha greidd seg bra, etter det vi kan forstå, for han høy…
  continue reading
 
Loading …

Hurtigreferanseguide

Copyright 2024 | Sitemap | Personvern | Vilkår for bruk | | opphavsrett