Gjengevoll Mangesysleri offentlig
[search 0]

Download the App!

show episodes
 
Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå byfolk til heilstøpte bønder. I podden pratar dei om å starta og driva gard, kvardagen og utviklinga på Mangesysleriet, og større tema som livet, forretningsutvikling, politikk og berekraftig matproduksjon.
 
Loading …
show series
 
Vi tek ei pause frå juleførebuingane for å pludra litt og ta ein fot i bakken. Korleis går det? Korleis har vi det? Ikkje så aller verst, eigentleg! Alt går i perioder, men denne veka startar vi med eit friskt og litt lysare blikk framover. Energien tek seg opp, vi har trua, og snart er det jul. Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episod…
 
Kva for slags oppgåver er det som skal gjerast på garden på denne tida av året? Det får du eit innblikk i når vi går gjennom gjeremålslista for dei neste to vekene, og "masterlista" for garden som vert kontinuerleg oppdatert i nye versjonar 🙃 Ein ting er sikkert - å driva mangesysleri vert aldri keisamt eller einsidig! Viss du har spørsmål eller ti…
 
Det er travle tider! Vi har framleis mykje foredling av haustens råvarer å gjera, og skal samstundes byrja på juleprodukta, medan vi også må gjera ferdig alt som skal gjerast i hagen før vinteren kjem. I tillegg er det mykje marknadar og salsarbeid for tida, samt at hausten er høgtid for kurs og faglege samlinger. Og vi har mange besøk på garden. P…
 
Det er Mari sin bursdag! Starten på dagen vart feira med vaflar og is til frukost i lag med gjengen på garden. No er det haust og hyggestemning på Gjengevoll. Vi reflekterer litt over kor kjekt det er å vera fleire på garden, og kor mykje lettare det er å gjera hyggelege ting utan å få dårleg samvit når vi er fleire som gjer det saman. Vi har framl…
 
Tenk at det allereie er oktober! Vi avsluttar dyrkesesongen ute, og haustar inn dei siste grønsakene. I veka som kjem skal vi ha fokus på produksjon av matvarer vi kan selja på markandene før jul, og omstilla oss til å førebu oss på vinteren. Ute i hagen skal alle beda avsluttast og klargjerast for ein ny sesong. Drivhuset tømmast, ny flis skal leg…
 
I denne episoda har vi kapra vår eigne, lokale snittblomedyrkar Elisa til å snakka om alt som har med økologisk småskala blomeproduksjon å gjera. Elisa driv Dalahagen i Bjørnafjorden, og dyrkar snittblomar for direktesal i marknadshagen sin på eitt dekar. Kvifor er det viktig å tenkja økologisk også i blomedyrking? Korleis skil Elisa sin hage seg f…
 
Denne veka feirer vi at vi har laga hundre episodar av pludrecasten! Vi pratar litt om kor mykje som har skjedd sidan vi byrja å laga podcast, og vi snakkar om alle dei tinga vi er takksame for som gjer at feiringa vert ekstra stas. Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesy…
 
Dagens episode handlar om folkesjukdomen vi alle har (men kanskje ikkje er klar over), nemleg kronisk stress. Kva er stress og korleis påverkar det kroppen vår? Kva for langsiktige konsekvensar har kronisk stress, og kvifor normaliserer vi det i dagens samfunn? Ikkje minst - kva kan vi gjera for å bryta ut av den onde sirkelen og få eit liv med mei…
 
Vi pustar ut etter ein fortreffeleg helg med mykje hygge og kjekke folk. Denne helga inviterte vi nemleg nye vener og bondekollegaer på fest på garden, noko som nok fortener å verta ein fast tradisjon. Vi snakkar litt om det å danna nye venskap i vaksen alder, viktigheita av sosialt samhald og korleis bønder ofte er ei gruppe som av ulike grunnar e…
 
Vi har produsert opp ein del produkt og byrjar å verta klare for hausten. Kjetil og Sigrid har vore på sesongens fyrste marknad. Mari har vore på fyrste samling på agronomlinja for vaksne. Dei neste to åra skal ho vera på ei samling i månaden på Stend jordbruksskule for å få "bondeutdanning". Vi pratar litt om kva ho har lært i helga og kva ho gler…
 
Vi er tilbake i kvardagen etter nokre veker med sommar og unntakstilstand. Mari har vore på orkesterseminar og fjelltur, og vi begge har vore på byferie i to heile dagar. Hausten nærmar seg, og vi pratar om tider som endrar seg og korleis hausten ofte bring med seg kjensla av nye byrjingar. Mari har i laupet av sommaren fått ei lita openbaring når …
 
I dag snakkar vi logistikk! Kva er grunnen til at vi ikkje har traktor på garden? Korleis går det, kva saknar vi, og kva hadde vi måtta endra om vi skulle hatt ein traktor? Vi pratar også om fordelane og ulempene ved bruk av ATV og kvifor vi valte ein sekshjuling framfor ein firehjuling. Og så pratar vi om at hausten ikkje er så verst, og at Mari v…
 
I denne vekas episode snakkar vi litt om kva moglegheiter som finst for oppskalering av varer og tenester på garden. Vi snakkar om korleis gardskafeen har gått i sommar, og diskuterer ulike moglegheiter for aktiviteter og besøksverksemd for å få fleire bein å stå på økonomisk. P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcast…
 
Vi tittar raskt innom denne veka for å snakka litt om grønsaker, sommaren, livet, tida som går og at vi alle skal døy, kanskje snarare enn vi trur. Ingenting utanom det vanlege, altså. P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794! Viss du har s…
 
Vi er midt i juli, og sjølv om vêret ikkje gjev inntrykk av det, er sommaren godt i gang. Vi held på med sundagskaféar og jobbar på i hagen, som endeleg har byrja å kasta av seg dei fyrste grønsakene sjølv om det er tolva gradar og konstant regn. Elles sankar vi ville vekster, lagar stadig fleire produkt og rigger oss klare til ein travel haust med…
 
I frykt for at vi har klaga litt mykje i podcasten dei siste vekene, prøver vi å kompensera litt i dag! For alt er heldigvis ikkje alt svart, tvert imot er det ganske mykje å setja pris på. Og godt er det ❤️ P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnumme…
 
Det er berre å konstatera at no er det mykje. Vi balanserer på grensa til overveldelse. Av nyhende kan vi sei at vi har fordobla tal bifolk og laga tre nye avleggjarar av dei etablerte kubene våre, og vi har sendt avgarde fyrste pulje med grisar til slakt. Vi har kjøpt nye høner for å supplera eggproduksjonen vår. Vi står på for bare livet for å få…
 
Det har vore ein krevjande vår på fleire måter, som har gjort at vi verkeleg har kjent på tvilen om vi er skapt for å vera bønder. Mykje bekymringer for sjuke dyr, kaldt og vått vêr som har tatt knekken på fleire av plantene våre, manglande inntekter og fleire veker med sjukdom på toppen av det heile har satt oss på prøve. I denne episoda oppsummer…
 
Å kjøpa gard i lag kan vera ein test for eitkvart forhold. Det er mykje arbeid, kanskje liten tid til kjærleiken og lett for at ein ikkje klarer å ha det så bra som ein føler ein "burde" når ein endeleg får leva ut småbruksdraumen. Dette pratar vi om i dagens episode. Korleis klarer vi å ta vare på kvarandre og oss sjølv? Kva er viktig for at vi sk…
 
Vi får verkeleg tatt nokre sjumilssteg når det gjeld framgang i hagen for tida. Dagane er lange og vi grev mykje i jorda. No kan vi feira at dei fyrste vekstene er kome ut, både i drivhuset og i dei ferske beda. Sesongen har starta på ekte! Lamminga er nesten over, og vi kan gleda oss over nye tilskot til flokken. Diverre hadde vi også ei tung hend…
 
Dette er ei av dei travlaste tidene på året for bønder, og det kjenst litt rart å jobba så mykje når resten av samfunnet nyter våren og feirer fridagane som april og mai har å by på. Men vi koser oss med lange dagar ute i finveret. Nesten alle lamma er fødd, og alt har gått bra hittil. Dei siste dagane har vi fått gjort framskritt i hagen, og no de…
 
Vi køyrer kjapt gjennom alle tinga - nærmere bestemt gjev vi ei oppdatering på både sauer, høns, grisar, bier og hage. Våronna har starta, jorda er varm, og no er det mykje som skjer over alt! Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram: @mangesysleriet Epost: …
 
Påske! Lamminga starta tidlegare enn planlagt, og dermed vart påska litt travlare enn vi først hadde tenkt. Ikkje for det, vi har gjort meir enn nok anna til å halda oss aktiv uansett, men for Kjetil sin del har lamminga bydd på litt meir oppstykka nattesøvn. Elles har vi no sådd så mykje forskjellige frø at alle kriker og kroker er fulle av planta…
 
Mari held på og finna seg sjølv. Ho har til og med starta på eit sjølvutviklingskurs! I dag sveipar vi innom det store temaet sjølvaksept, om det å tillata seg sjølv å vera heile seg, og om korleis ein kan gjenoppdaga sin indre kraft ved å vera snill med seg sjølv. Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss…
 
Saman kan folk kan flytta fjell! Det er ikkje tull ein gong. Det å vera bonde kan vera einsamt. Og som idealistisk, småskala annleis-bonde kjenner ein seg kanskje ekstra mykje utanfor. Då gjeld det å finna gjengen sin! Vi er mange der ute, vi må berra koma i kontakt med kvarandre. Så i dag har vi ein kjempespanande nyheit til alle dykk! Viss du har…
 
Det går opp og ned i livet, og kvardagene er ikkje like. Kvifor er det så vanskeleg å akseptera at vi ikkje alltid er på topp? Det pratar vi litt om i dag. Vi snakkar også om kor lyttarane våre er i verda, vi deler eit boktips og snakkar om saueklypping. Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebo…
 
Denne helga hadde vi dugnadsfolk på besøk og fekk gjort store framskritt inne i fjøset. Snart er det klart til innflytting og klipping av sauer før lamming! Med innearbeidet nesten overstått, ligg vi greit an til å byrja arbeidet ute i hagen. Snøen er snart borte, og då kan vi førebu bed, grøfta, flytta kompost og gjera alle dei andre tinga som må …
 
Kjetil har vore på kurs i regenerativt landbruk og holistic management (eller heilheitleg forvaltning)! Etter beste evne og i koronapåvirka tilstand gjev han i denne episoda nokre drypp av dei viktigaste prinsippa og lærdomane han har fått. Her er det mykje for oss å setja oss inn i og bruka i planlegginga av gardsdrifta framover! Viss du har spørs…
 
Sidan sist har Russland gått til krig mot Ukraina, og verda har plutseleg blitt ein skumlare og meir uforutsigbar plass. Men éin ting kan vi alltid vera trygg på: folk kjem alltid til å trenga mat, og vårt yrkes- og livsval som bønder kjenst riktigare enn nokonsinne. For å muntra oss litt opp, løfter vi blikket og ser framover - langt framover. Kva…
 
Mari er ferdig med rekneskapen for 2021, og no kan vi endeleg ta ein prat om tala! Korleis har det gått med alle prosjektene våre i fjoråret? Kva har vore lønsamt? Kor har pengane gått? Kva for forventninger har vi til inntening framover? Og ikkje minst: gjekk vi med overskot? Desse og mange fleire spørsmål får du svar på i denne pengespesialen kor…
 
I dag er temaet kreativitet, skaparkraft og skaparglede. Korleis byggja opp under kreativ energi og korleis inkorporera skaparglede i gardsdrifta? Ikkje minst, kan vi verta flinkare til å gleda oss meir over prosessen i staden for å alltid prøva å koma fortast mogleg til målet? Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne ko…
 
Vi er innesnødd! Dei siste dagane har det kome mykje våt snø, noko som har vist seg å vera ein utfordring både for gårdsbilane og brøyteutstyret. Så no får vi kjenna på noko av sjarmen med å bu på ein avsidesliggjande gard utan brøyteveg. Vi pratar om den dramatiske hendinga der ei av søyene våre brakk beinet og vi måtte bestemma oss for om vi skul…
 
Nett no er det ein likviditetskrise i landbruket som følge av ekstrem prisauke på gjødsel, kraftfôr, straum og andre varer som landbruket er avhengig av. Fleire bønder står i ein akutt situasjon med kreditorer på døra og personleg konkurs rundt hjørnet. Korleis hamna vi der? Kva er årsaka til at vi har eit landbruk som er så sårbar for internasjona…
 
Planteplanen for årets hagesesong er klar, vi har fått mesteparten av frøa våre i posten og er gira for ein ny dyrkesesong! I denne episoda går vi gjennom dei overordna planane våre, kva vi skal dyrka kor, og kva som vert dei største endringane frå i fjor. Vi snakkar òg om nye salskanalar og korleis vi planlegg å diversifisera produksjonen og innte…
 
Godt nyttår! Vi er godt inn ei 2022 allereie, men før vi vender blikket framover, må vi ta ei oppsummering av året som har gått. Det var jo så himla mykje som skjedde i i fjor! Vi klarer ikkje å gå gjennom absolutt alt i laupet av ei episode, men vi gjev det eit hederleg forsøk. Året 2021 var verkeleg eit år for mange fyrste gonger: Fyrste kull med…
 
Vi klarte det! No er det jul, og skuldrane kan senka seg for ei stund. Vi er ferdig med alle utleveringar for i år og er klare for å seila mjukt inn i høgtida og det nye året. Sola har snudd, det går mot lysare tider og snart er vi klare for å byrja planlegginga av 2022. Fram til det skal vi gjera minst mogleg og vonar du skal det same. Takk for fø…
 
I dag skraper vi i overflata på eit stort tema, nemlig det heile mennesket. Kva er det, og kva er det vi treng for å kjenna oss heile? Det er jo langt meir til livet enn jobb, produktivitet og prestasjonar. Men kva er det som gjev oss overskot og påfyll? Korleis skapa rom for refleksjon, ro og kreativitet? Kva er åndelegheit og korleis kan vi tilla…
 
Det bakast lefser og kokast karamellar, og i helga har vi vore på superkoseleg julemarknad i Bergen. No er vi godt inn i adventstida, og det betyr at det kunn er veker om å gjera før vi er ferdig med juleinnspurten og kan ta ferie. Det ser vi fram til, men vi prøver også å ha litt julekos undervegs. Har du lyst til å høyra Mari sin yndlingsjulemusi…
 
Vi har fått grisungar! Det vil sei, Annabelle har fått grisungar. Vi berre beundrar dei og koser på dei. Beatrix held også på å grisa akkurat no (!), så snart har vonleg alle dei nye komt til verda og ligg og kosar seg i halmen i grisehytta. Forutan grisungar pratar vi denne gongen om ost og gjev ei lita oppsummering av det Mari lærte på ystekurs. …
 
I dag er vi innom mange tema når vi oppdaterer på kva som har skjedd sidan sist og alt vi har å gjera fram mot jul. Snøen har kome, julerushet er i gong, kjøtet er tilbake frå slakteriet og vi baker lefser og koker karamellar. Vi har også vore på vår fyrste bondens marknad, Mari har hatt bihulebetennelse og det er ein kamp mot klokka å forsøka å gj…
 
Endeleg har vi fått sendt både grisar og lam til slakt, og vi har med det fått ei stor bekymring ut av vegen. Purkene våre gjer seg klare til å få nye grisungar, og vi er litt lettare til sinns. Vi pratar om viktigheita av gode relasjonar med dyra, og så snakkar vi om korleis vi har rekna ut prisen på grisekjøtet vi skal selja. Det er viktig å rekn…
 
Tematikken frå førre veke heng framleis litt igjen, for ingen av dyra er sendt til slakt enno. Men vi kan heldigvis venta nye tilskot til flokken, for veldig snart kjem det nye grisungar på garden, og hønsa våre klekker stadig fram nye kyllingar. Det er november, snart er det jul, og vi førebuar oss til dei neste vekene med sal. Viss du har spørsmå…
 
Vi er heime åleine på garden for fyrste gong på to månadar, og huset kjennest litt ekstra tomt. Denne veka skal dyra sendast til slakt, og plutseleg kjem livet og døden ekstra nærme. Vi pratar om praktikanten vår Sigrid, om arbeidsmengde og det å dela ansvar på fleire, om slakterifrustrasjon, og om liv og død og store spørsmål. Og om blomsterlauk! …
 
Mari bruker hausten til å drøyma om bugnande bed med lekre blomar i alle fargar og fasongar, og har shoppa fleire bøker for å læra meir om snittblomeproduksjon. Til neste år vil vi testa å dyrka ulike sortar blomar i tillegg til grønsakene, og vi har byrja å gleda oss til å planleggja ein ny sesong. Vi har Sigrid frå Sogn Jord- og Hagebruksskule på…
 
Vi har hatt dugnad! Denne helga har vi hatt ein super dugnadsgjeng på besøk, og vi har fått gjort masse arbeid i hagen. Vi har meir enn fordobla arealet på åkeren vår, som har blitt omdaupt til Kina, og vi har også fått starta på dreneringsarbeidet til det nye plantefeltet Nederland. Vi har også fått bestilt og levert både ullkardar og spinnerokk, …
 
Kva betyr eigentleg sjølvforsyning? Korleis er sjøvforsyninga i Noreg, og kva må vi gjera for å auka han? I denne vekas pludrecast snakkar vi om arealbruk, om miljø, beite, berekraft og rovdyr. Om fulldyrka jord, grønsaker, korn og utmark. For det er faktisk slik at om vi skal fiksa både klimaet, miljøet og global matsikkerheit, så må både Noreg og…
 
Vi startar dagen med morgonmøte og planlegging av praktiske oppgåver denne veka, før vi går over til å prata om foredling av grønsaker. Kjetil har nemleg vore på kurs! Vi har óg fått inn eit lyttarspørsmål om dette temaet, så vi pratar ein del om ulike spørsmål knytt til grønsaksforedling: kvifor, korleis, kva? Viss du har spørsmål eller tilbakemel…
 
Det er eitt år sidan vi prata om økologisk mat i podcasten, og no tek vi opp att temaet. Vi har nemleg satt i gang prosessen med å debiosertifisera delar av produksjonen vår. I det høvet snakkar vi om korleis vi har tatt den beslutninga, og om kva for utfordringar som ligg i systemet for små produsentar som ynskjer å driva i tråd med ein økologisk …
 
9 av 10 bønder har lagt ned sidan krigen. No produserer knapt 36.000 bønder meir mat enn 350.000 bønder gjorde i 1950. Vi har vore på teater og sett Teater Vestland si framsyning "Bondetinget". I høve at Norges Bondelag er 125 år har dei valt å setja søkelyset på korleis den største bondeorganisasjonen sjølv har bidrege til utviklinga vi har vore v…
 
Loading …

Hurtigreferanseguide

Copyright 2022 | Sitemap | Personvern | Vilkår for bruk
Google login Twitter login Classic login