Eg heiter Kristian Hus, og eg snakkar med folk frå Kvinnherad og omegn som har noko å fortelja. Sjå meir på www.skimtvis.no
Karoline Røssland (snart 91) voks opp i små kår på ein liten gard på Bømlo i førkrigstida ilag med foreldre og sju søsken. Det var smått med pengar og faren var mykje ute på arbeid, slik mange andre måtte på den tida. Dermed blei det mora og ungane som tok seg av det meste heime, både ute og inne. Men Karoline minnest likevel barne- og ungdomstida …
Birgit Boland på Hatlestrand nærmar seg 96 år, og er det næraste vi kjem eit levande leksikon. I dette lyd-intervjuet fortel ho om korleis det var å veksa opp i Osa i Hardanger, som einaste barn i familien. Les meir på https://skimtvis.no/lyd/2015/7/30/eit-langt-og-allsidig-livAv Skimtvis – lydintervju frå Kristian Hus
http://skimtvis.no/lyd/2018/12/17/terje-fjellhaugen– Eg bur i ei pappøskje, men har det bra! Det fortalte Tjerand Aske til venen Terje Fjellhaugen i Matre, då han var ein snartur heimom frå Oslo tidleg på 1970-talet. Året før hadde Tjerand vore på anleggsarbeid i SKL nokre månader, men var blitt oppsagt om hausten ilag med seks andre mellombels til…
Torleiv Sydnes i samtale med Kristian Hus.Tjerand Aske levde på mange måtar eit villmannsliv, men var på ingen måte ein villmann, slik vi tolkar ordet. Det fortel Torleiv Sydnes frå Halsnøy i dette intervjuet. Den tidlegare bonden og journalisten har berre gode minne etter den særeigne småbrukaren frå Borgundøy, som mange i lokalmiljøet hadde sine …
– Vi har hatt eit godt liv, og er glade for at vi får vera to ilag i siste del av livet vårt, seier Bjarne Kaldestad (94) ettertenksamt. Kva som kjem etterpå, når det ein gong er slutt her på jorda, går han ikkje rundt og tenkjer på til dagleg.Men han filosoferer likevel av og til over liv og død og kva som er meininga med livet. Han er sikker på a…