#217: Studentersamfunnet om robotlegen

1:01:49
 
Del
 

Manage episode 256992908 series 1153947
Av BOBcast and Bergen Off. Bibliotek oppdaget av Player FM og vårt samfunn — opphavsrett er eid av utgiveren, ikke Plaer FM, og lyd streames direkte fra deres servere. Trykk på Abonner knappen for å spore oppdateringer i Player FM, eller lim inn feed URLen til andre podcast apper.
Kunstig intelligens er i frammarsj for å revolusjonere helsetenesta. Ved hjelp av nye metodar vil ein kunne stille meir presise diagnosar og få betre tilpassa medisin for enkeltpersonar. Fleire sjukehus i verda har allereie begynt å ta i bruk kunstige intelligensar som kan stille enkelte diagnosar raskare enn legane kan. Slike nyvinningar sparer menneskeleg arbeidskraft for hovudbry og frigjer tid til andre oppgåver, men populærvitskapen viser ei rekkje skrekkscenario og KI som ein øydeleggande teknologi. Kor realistisk er eigentleg slike framstillingar? Tek vi eit steg tilbake, er det nokre viktige spørsmål som treng å diskuterast. Kjem utviklinga til å redusere menneskeleg kompetanse innan helsesektoren? Vil vi få robotlegar i framtida eller er dette rein fiksjon? Kva etiske og samfunnsmessige konsekvensar vil vi bli nøydt til å diskutere om ein skal kunne realisere robotlegen? Paneldeltakere er Klas Pettersen (leder for NORA (Norwegian Artificial Intelligence Research Consortium), Ishita Barua (lege og forsker ved Institutt for helse og samfunn, UiO) og Runar Gunnerud (IT-konsulent i Accenture og sosialantropolog). Opptak fra Studentersamfunnets ukentlige frokostmøte ved Bergen offentlige bibliotek, den 4. februar 2020.

271 episoder