#319: Barn & bøker Halloweenspesial

51:41
 
Del
 

Manage episode 305473708 series 1153947
Av BOBcast and Bergen Off. Bibliotek oppdaget av Player FM og vårt samfunn — opphavsrett er eid av utgiveren, ikke Plaer FM, og lyd streames direkte fra deres servere. Trykk på Abonner knappen for å spore oppdateringer i Player FM, eller lim inn feed URLen til andre podcast apper.
Det nærmar seg Halloween, og vi har tatt ansvar for å dele våre aller beste skumle leseopplevelsar med deg og dine barn! I denne aller første utgåva av Bergen Offentlige Bibliotek sin heilt eigne barnebokpodkast slår vi til med ein ekstra lang og fyldig podkast til alle små- og størrebarnsforeldre der ute. Vi snakkar om kvifor det er så gøy med skumle bøker, om kva for ein nifs klassikar som framleis ruvar på toppen av pallen når det gjeld spenningsbøker for barn - og ikkje minst, to av barnebibliotekarane våre gir deg sine aller beste kvalitetssjekka lesetips for barn i alle aldersgrupper som vil kose seg med ei nifs bok i mørke haustkveldar. Saknar du gode lesetips for akkurat den aldersgruppa ditt barn er i no? Eller treng du berre nye idear til kva som kan auke podens leselyst? "Barn & bøker" er vår splitter nye podkast for og om barnebøker, der tilsette ved barneavdelinga deler av sin rikhaldige kunnskap om barnelitteratur og det som rører seg i feltet akkurat no. Det blir diskusjon om aktuelle tema og bøker, og ikkje minst, fast anbefalingsspalte der du får våre beste tips om gode bøker for alle aldersgrupper.

328 episoder