#251: Om Jordan i Midtøsten med Magnus Halsnes

49:13
 
Del
 

Manage episode 280033465 series 1153947
Av BOBcast and Bergen Off. Bibliotek oppdaget av Player FM og vårt samfunn — opphavsrett er eid av utgiveren, ikke Plaer FM, og lyd streames direkte fra deres servere. Trykk på Abonner knappen for å spore oppdateringer i Player FM, eller lim inn feed URLen til andre podcast apper.
I vår stengde Jordan raskt og kraftig ned grunna korona-pandemien, noko som har stagga spreiinga av viruset, men gått hardt ut over økonomien og sosiale rettar. I sommar oppløyste ein domstol den jordanske greina av Det muslimske brorskapet. Trass korona-restriksjonar, har det vore store demonstrasjonar som følgje av ei lengre konflikt mellom styresmaktene og ei fagforeining for lærarar – der foreininga er stengt ned og fleire av leiarane er arresterte. I dette føredraget skal vi bli betre kjend med Jordan, eit land som ofte har vorte sett på som ein roleg utkant i ein uroleg region. Føredraget vil sjå nærmare på Jordan si historie og geografi, med indre spenningar og ytre påverknad, for prøve å gje ein god kontekst til landet si rolle i regionen i dag. Denne månaden er det òg femti år sidan «Svart september», den korte og blodige borgarkrigen i 1970, som enda med at Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO) vart kasta ut av landet. Med eit historisk blikk vil føredraget fokusere på spørsmål som kva demografiske utfordringar byr landet på med folkeauke og hundretusenvis av flyktningar frå nabolanda? Korleis passar landet inn i det regionale puslespelet? Kva er rolla til beduinstammane i landet og korleis speler det inn på politikken? Korleis kan den historiske utviklinga i Jordan hjelpe oss med betre å forstå situasjonen i dag? Magnus Halsnes er midtaustenhistorikar og har budd to periodar i Jordan. Han skriv for tida på ei doktorgrad om grenseutvikling, kartbruk og statsbygging i ørkenområda mellom Jordan, Syria, Irak og Saudi-Arabia etter første verdskrig.

271 episoder