63: Draumen om ein snittblomehage

34:25
 
Del
 

Manage episode 304839656 series 2799887
Av Gjengevoll Mangesysleri oppdaget av Player FM og vårt samfunn — opphavsrett er eid av utgiveren, ikke Plaer FM, og lyd streames direkte fra deres servere. Trykk på Abonner knappen for å spore oppdateringer i Player FM, eller lim inn feed URLen til andre podcast apper.

Mari bruker hausten til å drøyma om bugnande bed med lekre blomar i alle fargar og fasongar, og har shoppa fleire bøker for å læra meir om snittblomeproduksjon. Til neste år vil vi testa å dyrka ulike sortar blomar i tillegg til grønsakene, og vi har byrja å gleda oss til å planleggja ein ny sesong.
Vi har Sigrid frå Sogn Jord- og Hagebruksskule på besøk som praktikant eit par veker, og denne veka har det blitt gjort fleire store framskritt i hagen. No gjer vi ein god innsats for å få beda klare til våren og kvitlauken i jorda før vinteren kjem.
Elles har Mari vore på første kurskveld av spinnekurset sitt!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no

88 episoder