14 Bjarne Kaldestad

39:27
 
Del
 

Manage episode 205174218 series 1525274
Av Skimtvis and Skimtvis – lydintervju frå Kristian Hus oppdaget av Player FM og vårt samfunn — opphavsrett er eid av utgiveren, ikke Plaer FM, og lyd streames direkte fra deres servere. Trykk på Abonner knappen for å spore oppdateringer i Player FM, eller lim inn feed URLen til andre podcast apper.
– Vi har hatt eit godt liv, og er glade for at vi får vera to ilag i siste del av livet vårt, seier Bjarne Kaldestad (94) ettertenksamt. Kva som kjem etterpå, når det ein gong er slutt her på jorda, går han ikkje rundt og tenkjer på til dagleg. Men han filosoferer likevel av og til over liv og død og kva som er meininga med livet. Han er sikker på at når den siste stunda kjem, er det slutt for godt. Det er ikkje noko liv etter dette, meiner han. Bjarne er fødd og oppvaksen på Kaldestad, og her håpar han å få bu til sin døyande dag. Eit liv på ein institusjon ser han ikkje for seg. Kona er nokre månader eldre; ho blir 95 år til hausten og virkar minst like sprek som den litt yngre ektemannen. No har dei to levd ilag i snart 70 år, i huset som Bjarne fekk bygd før han gifte seg med Edith frå Røssland. Slik kunne det vera på den tida; hus og heim og ingen barn før ein flytte i hop. I dag gler dei to seg over at livet har gitt dei tre barn, sju barnebarn og fem oldebarn.

7 episoder