Mette Elisabeth Nergård om julebrevets mystikk og overraskingar

33:47
 
Del
 

Manage episode 314651205 series 3287496
Av Språkoppdraget and Det Norske Teatret oppdaget av Player FM og vårt samfunn — opphavsrett er eid av utgiveren, ikke Plaer FM, og lyd streames direkte fra deres servere. Trykk på Abonner knappen for å spore oppdateringer i Player FM, eller lim inn feed URLen til andre podcast apper.
Julebreva frå slekt og vennar i resten av landet var årets høgdepunkt då Mette Elisabeth Nergård vaks opp i Finnmark. Dei små historiene om andre folk sine liv vart lesne som små fiksjonsforteljingar. Og då ho seinare begynte å forske på julebrevsjangeren, fann ho ut at fleire av oss pyntar litt på sanninga i det masseproduserte julebrevet. Kor mykje er det lov å skryte og kva bør ein absolutt ikkje skrive om? Kven er julebrevet til for, avsendaren eller mottakaren? Og korleis går det med julebrevet no når det er jul heile året - på Facebook. Svara får du i den fjerde episoden av Språkoppdraget, der Nergård er gjest. Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dreiås, formidlingsansvarleg ved Det Norske Teatret.

16 episoder