Jørn Arild Grefsrud offentlig
[search 0]
Mer

Download the App!

show episodes
 
L
Lagapodden

1
Lagapodden

Nasjonalbiblioteket

Unsubscribe
Unsubscribe
Månedlig
 
Korleis såg verda ut då Magnus Lagabøte bygde norsk stat og rettsstat, og reformerte norsk rett og samfunn med Landslova av 1274? Dette er tema for podkastserien Lagapodden, der programleiar Jørn Øyrehagen Sunde, saman med ein ny gjest kvar veke, tek utgangspunkt i Landslova og prøver å gi eit bilete av Norge og Europa i høgmellomalderen. I denne sesongen spør vi fyrst kva det norske veldet var, og dermed i kva geografisk område Landslova vart brukt. Kva idéstraumar prega Noreg og Europa i d ...
 
Loading …
show series
 
Bergen var Norges største by i mellomalderen. I følgje Snorre Sturlasson var byen grunnlag av Olav Kyrre i 1070. Området hadde då vore eit maktsenter lenge, med kongsgarden på Årstad bak byen, som eit klart teikna på dette. Bergen ligg mellom Sognefjorden i nord og Hardangerfjorden i sør. Desse fjordane går djupt inn i landet, og kan reknast som ve…
 
Landslova av 1274 finst bevart i mange manuskript. Manuskripta gjev oss informasjon om meir enn lovreglane dei formidlar. Gjennom illuminasjonar og teikningar, gjennom understrekingar, peikarar, margkommentarar, og så vidare, kommuniserer fortida sine skrivarar med notida sine lesarar. Kva informasjon kan vi henta ut av denne dialogen med fortida: …
 
Den Landslova som vart gjeven i 1274, har vi ikkje bevart. Eldste Landslovsmanuskriptet er frå om lag 1300, og så har vi nesten 40 andre manuskript som er skrivne mellom 1300 og 1350. Kva er eit mellomaldermanuskript for noko og korleis vart dei laga i mellomalderen, kva anna materiale inneheld Landslovsmanuskripta, kven skreiv, kva språk er dei sk…
 
Landslova av 1274 regulerte forholda på landet. I 1276 gav Magnus Lagabøter ei Bylov for Bergen, som seinare vart nytta av dei noko over 10 norske byane. Her finn ein reglar om særleg handel og spesielle byforhold som brann, vakthald, laste og lossereglar, og så vidare, ved sida av mange reglar som var like for land og by. Men kva norske byar fanst…
 
Landslova av 1274 regulerte mange samfunnsforhold i ein mellomaldersk forstand. Ein skal likevel ikkje overdriva styringskrafta til lovboka. For det fyrste vart ein god del regulert gjennom andre ordningar. Ikkje minst kongen sin sentraladministrasjon vart regulert gjennom Hirdskrå, som ein nesten kan rekna som ei eiga lovbok ved sida av Lands- og …
 
Kongsspegelen var eit danningsverk som – sett på spissen – var skrive som ein styringsmanual for ein framtidig monark. Det var skrive omlag på den tida då Håkon ung døydde, og den yngre broren Magnus rykka opp som tronarving. Den seinare kong Magnus Lagabøter må difor som ung mann ha vorte kjent med Kongsspegelen. For mange av dei grunnleggjande ta…
 
Litt enkelt sagt finst det to sentrale kjelder til norsk mellomalderhistorie fram til 1300-talet, og det er sagalitteraturen og dei meir reindyrka historieframstillingar, og så er det lovene. Frå rundt 1300 vert kjeldematerialet langt rikare, og ikkje minst får ein mengder med mellomalderbrev som ei meir kvardagsnær kjelde. Men kva fortel lovene os…
 
Vi veit veldig lite om Magnus Lagabøter. Årsaka er at sagaen om han, som vart delvis skriven medan han levde, har gått tapt. Men vi veit frå andre kjelder at Magnus fekk undervisning i fransiskanarklosteret i Bergen. Kva veit vi om klostervesenet i Norge – når fekk vi kloster og kva betydde det intellektuelt og økonomisk for det norske riket i høgm…
 
Magnus Lagabøters Landslova regulerte verdslege saker i det norske riket. Åndelege saker vart handsama av kyrkja i kyrkjelege domstolar, der ein dømte etter kanonisk rett. Men kva var kanonisk rett? Korleis oppstod den, kva forhold regulerte den, korleis prega den europeisk samfunns- og rettsutvikling i høgmellomalderen, og kva var relasjonen til k…
 
Landslova vidareførte St. Olavs lov. For Olav den Heilage si lovgjeving på Moster i 1024 ser i høgmellomalderen ut til å ha vorte rekna som opphavet til norsk rett. Korleis vart denne krigarkongen utgangspunkt for utviklinga av idealbiletet av kongen som skapar fred gjennom lov og rett, korleis kom forteljinga om hans liv og død til å endre synet p…
 
I Landslova er tosverdslæra til Augustin presentert som ei form for statsrettsleg grunnlag. Det vil seia at det vi i dag kallar statsmakta, var delt i ein verdsleg del der kongen var Guds ombodsmann, og ein åndeleg del der biskopen hadde same rolle. Det var likevel inga enkel og opplagt grense mellom dei to delane av den framveksande statsmakta. Kv…
 
Magnus Lagabøte gav i 1274 Landslova for det norske veldet og skattlanda, i 1276 ei eiga lovbok for byane, i 1277 (eller kanskje eit anna år på 1270-talet) ei eiga lovbok for kongen si hird, hoffet og administrasjonen, og til slutt ei lovbok for Island i 1281. Dermed fekk alt område som Magnus Lagabøter styrte ny lov. Men kva var Noreg i høgmelloma…
 
Landslova av 1274 er ei av få riksdekkjande lovbøker i europeisk høgmellomalder, og fekk ei lang levetid og ei større utbreiing enn dei andre. Dette gjer Landslova til eit europeisk storverk. Er det god nok grunn til å markere at det i 2024 er 750 år sidan Landslova vart vedtatt på Frostating? Eller finst det andre grunnar til å trekke fram dette l…
 
Loading …

Hurtigreferanseguide

Copyright 2021 | Sitemap | Personvern | Vilkår for bruk
Google login Twitter login Classic login