Lagapodden

Del
 

Manage series 2978452
Av Jørn-Arild Grefsrud oppdaget av Player FM og vårt samfunn — opphavsrett er eid av utgiveren, ikke Plaer FM, og lyd streames direkte fra deres servere. Trykk på Abonner knappen for å spore oppdateringer i Player FM, eller lim inn feed URLen til andre podcast apper.

Korleis såg verda ut då Magnus Lagabøte bygde norsk stat og rettsstat, og reformerte norsk rett og samfunn med Landslova av 1274? Dette er tema for podkastserien Lagapodden, der programleiar Jørn Øyrehagen Sunde, saman med ein ny gjest kvar veke, tek utgangspunkt i Landslova og prøver å gi eit bilete av Norge og Europa i høgmellomalderen. I denne sesongen spør vi fyrst kva det norske veldet var, og dermed i kva geografisk område Landslova vart brukt. Kva idéstraumar prega Noreg og Europa i denne tida? Kva var forholdet mellom kongsmakt og kyrkjemakt, og kva var kanonisk rett – den retten som vart nytta i kyrkja sine domstolar? Korleis var samfunnsverdiane i endring mellom Olav den Heilage og Magnus Lagabøter? Og ikkje minst: kven var kong Magnus Lagabøter eigentleg?


Lagapodden er produsert av Nasjonalbiblioteket. Musikk ved Øyonn Groven Myhren.



See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.

14 episoder