Sprakoppdraget offentlig
[search 0]
Mer
Download the App!
show episodes
 
Artwork

1
Språkoppdraget

Det Norske Teatret

Unsubscribe
Unsubscribe
Månedlig
 
Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk. Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by. Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuel ...
  continue reading
 
Loading …
show series
 
Frank Kjosås har spelt både Jesus, Judas og Hitler og hatt ei rekke store musikalroller på scenen på Det Norske Teatret. No står ein ny historisk person for tur. I vår speler han nemleg sjølvaste Ivar Aasen i den nyskrivne musikalen Spynorsk. The Musical av Are Kalvø og Ingrid Bjørnov. I tillegg jobbar han mykje med dubbing og å lese inn lydbøker, …
  continue reading
 
Peder Lofnes Hauge skribla aldri spynorsk mordliste på den nynorske ordlista si då han gjekk på skolen. Han vaks nemleg opp omgjeven av nynorsk i Gloppen i Nordfjord, hadde nynorsk som hovudmål gjennom heile grunnskolen og vidaregåande skole, og har alltid vore glad i språket sitt. Men det var ikkje før han kom til Bergen som student at han vart ny…
  continue reading
 
I denne episoden av Språkoppdraget har vi besøk av skodespelar Manish Sharma, som er premiereklar med stykket Hør her’a i desse dagar. Manish er truleg ein av landets største Haugesund-patriotar, og i denne episoden snakkar han om kvifor han er så glad i heimbyen sin, om korleis han lærte seg hindi, morsmålet til foreldra sine, gjennom å sjå Bollyw…
  continue reading
 
Språkoppdraget er tilbake med ein ny sesong i eit nytt år, og den første gjesten i 2024 kjem heilt frå Danmark. Anna Malzer er regissør og dramatikar, og vart Danmarks yngste teatersjef berre 27 år gammal. I desse dagar har ho permisjon frå teatersjefjobben på Mungo Park utanfor København, for å sette opp sitt eige stykke Tatovering på Det Norske T…
  continue reading
 
I denne julespesialen av Språkoppdraget får vi besøk av Herborg Kråkevik. Artisten og skodespelaren har vekt til live det tradisjonsrike litterære juleheftet Juleroser. I år kjem det i si niande utgåve med Herborg som redaktør. Med nye og gamle forteljingar, dikt, julesongar og biletkunst, ønskjer ho at det skal gi ei lomme av høgtid og fred i ei t…
  continue reading
 
Vekas gjest i Språkoppdraget har jobba som korrekturlesar, snikkar, lokalavisjournalist og seljar av dører, og han har komme til tredjeprøven på Teaterhøgskolen utan å komme inn. Men Stein Torleif Bjella vart skodespelar likevel. I desse dagar er han å finne på Hovudscenen på Det Norske Teatret kveld etter kveld, framfor fullsette salar av folk som…
  continue reading
 
Skodespelar Ina Svenningdal meiner sjølv ho slurvar fælt når ho skriv og snakkar. Men når ho skal lære replikkar, har ho stålkontroll. Kanskje ikkje så rart, for 27 år gamle Ina har jobba som skodespelar nesten heile livet. No speler ho Disney-prinsessa Anna i Frost sju gonger i veka, ei rolle Ina 5 år ville fryda seg over, og ei rolle Ina (27) har…
  continue reading
 
Kva har mesolittisk, eit konstruert fantasispråk frå om lag 9000 år før Kristus og moderne norsk bibelomsetjing til felles? Jo, vekas gjest i Språkoppdraget jobbar med begge delar. Julian Kirkeby Lysvik er ein ekte språknerd, språkdoktor og bibelnerd frå Kvæfjord i Troms, som fekk språkinteressa vekt gjennom alvespråket i Ringenes Herre og bibelint…
  continue reading
 
I år er det 25 år sidan Olaug Nilssen debuterte som forfattar, og i desse 25 åra har ho prega norsk offentlegheit som forfattar, redaktør, meiningsberar, litteraturmeldar, podkastvert, biograf, og som ein sterk talsperson for barn med særskilde omsorgsbehov, og foreldra deira. I Språkoppdraget snakkar Olaug Nilssen om den nye romanen sin og kvifor …
  continue reading
 
Teater på islandsk er leikhus, og nettopp leiken fyller dagane til årets første gjest i Språkoppdraget. Gísli Örn Garðarsson er skodespelar og regissør frå Island, som har fått den store tilliten frå Disney til å lage musikalen Frost i alle dei fem nordiske landa, på fem ulike språk. Først ute er Det Norske Teatret og Let it go på nynorsk. I Språko…
  continue reading
 
Oslo-biskop Kari Veiteberg må ha eit språk for alle livets fasar, frå bryllaup og dåp, til gravferd og nasjonale kriser. I dei største gleder og dei djupaste sorger skal ho finne orda som samlar, anten vi trur eller tvilar.Kva er likskapen mellom kyrkja og teaterscenen? Er det mogleg å samanlikne kyrkjelyden med eit publikum? Og korleis kan ein bry…
  continue reading
 
Teatersjefen på Det Norske Teatret vaks opp som tospråkleg i Oslo. Han snakka Oslo-dialekt ute og nederlandsk heime, men skjønte ikkje kva han skulle med nynorsken han lærte på skolen. Etter 12 år i sjefsstolen på Noregs største nynorskinstitusjon er han igjen tospråkleg. No vekslar han mellom nynorsk og bokmål i skrift, og han har skjønt at mykje …
  continue reading
 
Forfattar Gunnhild Øyehaug har alltid kjent ein sterk fellesskap med Ivar Aasen. Ho vaks opp i ein språkmedviten familie i Ørsta, har vore nynorskbrukar heile livet, og trudde på eit tidspunkt at ho var ein reinkarnasjon av Aasen sjølv. I over 20 år har ho vore ei av dei mest særprega nynorske stemmene i norsk litteratur. Sjølv om ho er utropt til …
  continue reading
 
Som forfattar er språket ein av Maja Lunde sine absolutt viktigaste arbeidsreiskapar. Etter fleire år som manusforfattar for film og tv, var det ein flau og krevjande overgang til skjønnlitteraturen. Men 10 år etter bokdebuten, har forteljingane hennar nådd ut til millionar av lesarar i meir enn 50 land. No kan Maja Lunde skrive når og kor som hels…
  continue reading
 
Linda Eide har fått norske familiar til å samle seg rundt fjernsynsapparatet på laurdagskvelden, nett som i gamle dagar, med det underhaldande og nyfikne programmet Eides språksjov. Når ho endeleg er gjest hos oss i Språkoppdraget, prøver vi å dykke djupare ned i språket til Linda Eide sjølv.Vi snakkar med Linda Eide om kor viktig dialekten er for …
  continue reading
 
Forfattar Lars Petter Sveen har levd med stamming heile livet, og like lenge har han prøvd å skjule at han stammar. Han trudde også at han takla det veldig fint, heilt til han svima av under ei opplesing på scenen på Litteraturhuset i Oslo i fjor haust. «Eg håpar ikkje eg stamma», var det første han tenkte på då han kom til seg sjølv igjen. Det and…
  continue reading
 
Å dramatisere ein roman er som å brodere ein bunad; eit helvete. Iallfall ifølge regissør Kjersti Horn, som har dramatisert ikkje mindre enn 1200 nobelprisvinnande romansider ned til eit 8 timar langt teaterstykke. Ideen hennar om å lage teater av alle dei tre banda av Kristin Lavransdotter starta med ein feilsend e-post, og enda opp i ein teaterma…
  continue reading
 
Heilt sidan han var ein liten og sjenert gut i Moss, har Christian Ruud Kallum visst at han skulle bli skodespelar. Men han trudde aldri at han skulle få bruk for nynorsken han lærte på skolen. No er han fast tilsett skodespelar på Det Norske Teatret, for tida aktuell i den enorme rolla som Mattis i Fuglane av Tarjei Vesaas. I denne episoden av Spr…
  continue reading
 
Han er ein av verdas mest kjente nynorskbrukarar og har fått omtrent alle nynorskprisane som finst. Men kva forhold har Are Kalvø eigentleg til nynorsk, og kven ville han vore utan? Det spør vi om når han som er kjent som Noregs 57. morosamaste mann, forfattar og satirikar gjestar Språkoppdraget. Vi snakkar om nynorsk som humorspråk og kvardagssprå…
  continue reading
 
I nesten eit halvt hundreår har Unn Vibeke Hol vore skodespelar på Det Norske Teatret. Sidan teaterdebuten som Tussie i framsyninga Ole Brumm har ho gjort eit utal roller. Stemma hennar har du garantert høyrt. Kanskje du har møtt henne på skogtur med hunden, medan ho puggar replikkar. Eller på film, som Disney-prinsesse, Teletubbie, Snorkfrøken, tå…
  continue reading
 
Når Det Norske Teatret set opp romanverket Kristin Lavransdotter på Hovudscenen, er det skodespelar Sara Khorami som speler tittelrolla. I løpet av 8 timar maratonteater skal ho følgje Kristin frå barndom til grav. I denne episoden av Språkoppdraget får du høyre korleis det er å vere ein språkleg kameleon, om å dubbe såpeopera for mormor, til sjølv…
  continue reading
 
No til dags utspeler det meste av dramatikken på Det Norske Teatret seg på scenane våre.Men slik var det ikkje i oktober 1913, då teateret opna. Den gongen utspelte dei mest dramatiske scenane seg i gatene rundt teateret, der fleire tusen menneske tok del i gatekampar, fleire kveldar på rad.Og det var ikkje teaterframsyningane i seg sjølv som førte…
  continue reading
 
Runar Gudnason er kjent for mange som rappar i Side Brok, og no er språkmennesket frå heimbygda til Ivar Aasen aktuell som gjendiktar på Det Norske Teatret. Når Into the Woods kjem opp på Hovudscenen denne våren, er det i Gudnason si norske språkdrakt. I denne episoden av Språkoppdraget blir vi med han inn i ein skog og snakkar om jobben med å dikt…
  continue reading
 
Trippeldrapet på garden Orderud i 1999 er ei av dei mest omtala drapssakene i Noreg. Ingen er dømd for drapa, men fire personar blei dømde for medverknad. Med få tekniske bevis, handla rettssaka i stor grad om truverd. Kva er det som gjer at vi har tillit til nokon, men mistrur andre? Kva rolle speler språket i ei rettssak? Og kva vil det seie å ha…
  continue reading
 
I år er det 125 år sidan Tarjei Vesaas vart fødd, og i høve jubileet set Det Norske Teatret opp romanen hans Fuglane i ei ny dramatisering. I denne episoden av Språkoppdraget har vi besøk av barna til Tarjei Vesaas, Guri og Olav Vesaas. Dei fortel om Tarjei Vesaas sitt forhold til språket, til teateret og ikkje minst til romanen Fuglane og karakter…
  continue reading
 
Sesong 2 av Språkoppdraget er i gang, og årets første gjest er dramatikar Arne Lygre. Han har skrive bestillingsverket Tid for glede som hadde urpremiere på Hovudscenen 29. januar, i Johannes Holmen Dahl sin regi. Stykket har fått strålande mottaking frå publikum og kritikarar. I Språkoppdraget snakkar Lygre om korleis det er å få oppdraget med å s…
  continue reading
 
Julebreva frå slekt og vennar i resten av landet var årets høgdepunkt då Mette Elisabeth Nergård vaks opp i Finnmark. Dei små historiene om andre folk sine liv vart lesne som små fiksjonsforteljingar. Og då ho seinare begynte å forske på julebrevsjangeren, fann ho ut at fleire av oss pyntar litt på sanninga i det masseproduserte julebrevet. Kor myk…
  continue reading
 
Det er dessverre veldig mange her i verda som ikkje skriv nynorsk. Ein av dei er Bob Dylan. Flaks, derfor, at vi har Tom Roger Aadland i landet, som har tatt på seg oppdraget med å finne norsk språkdrakt til Dylans tekstar. Aadland er gjest i Språkoppdraget, og med gitaren på fanget fortel han om konsertframsyninga Vikla inn i blått, sin første Dyl…
  continue reading
 
Pandemien slo innover oss i mars 2020 og endra måten vi levde på, jobba på og kva vi snakka om. Direktør i Språkrådet, Åse Wetås er gjest i denne episoden av Språkoppdraget. Vi snakkar om pandemispråket, om pandemiar i språket og om kva som kjem til å stå att i språket etter nærmare to år med korona. Og kva var no riktig uttale av dette ordet igjen…
  continue reading
 
Korleis går det an å hugse ein monolog kveld etter kveld, kor mykje tekst er det plass til inni eit hovud og korleis er det for ein groruddøl å jobbe på nynorsk? Skodespelar Svein Tindberg snakkar om forholdet sitt til språk og tekst, om eit langt liv på Det Norske Teatret og om korleis det er å ha ei stemme som dei aller fleste i Noreg har høyrt p…
  continue reading
 
Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2021? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål? I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn. H…
  continue reading
 
Loading …

Hurtigreferanseguide

Copyright 2024 | Sitemap | Personvern | Vilkår for bruk | | opphavsrett