Linda Eide om dikt, dialekt og ufrivillige emojiar

45:13
 
Del
 

Manage episode 343092240 series 3287496
Av Språkoppdraget and Det Norske Teatret oppdaget av Player FM og vårt samfunn — opphavsrett er eid av utgiveren, ikke Plaer FM, og lyd streames direkte fra deres servere. Trykk på Abonner knappen for å spore oppdateringer i Player FM, eller lim inn feed URLen til andre podcast apper.
Linda Eide har fått norske familiar til å samle seg rundt fjernsynsapparatet på laurdagskvelden, nett som i gamle dagar, med det underhaldande og nyfikne programmet Eides språksjov. Når ho endeleg er gjest hos oss i Språkoppdraget, prøver vi å dykke djupare ned i språket til Linda Eide sjølv. Vi snakkar med Linda Eide om kor viktig dialekten er for identiteten hennar, og spør kven ho ville vore om ho var frå Moss og ikkje frå Voss. Vi snakkar om kvifor ho ikkje er så opptatt av skrivefeil, men misliker at folk gjer språket meir komplisert enn dei treng, om kva det var som skjedde i Oslo som fekk den 19 år gamle nynorskbrukaren Linda Eide til å skjøne at ho har eit sterkt engasjement for skriftspråket sitt, og om kvifor ho måtte bli vaksen før ho begynte å skrive utropsteikn. Om du er usikker på om nynorsk er fint i dikt, kjem du ikkje lenger til å vere i tvil etter å ha høyrt denne episoden av Språkoppdraget. Du får nemleg eit eksklusivt utdrag av eit av dei mange dikta den unge Linda Eide skreiv og framførte på ulike tilstellingar på Voss i gamle dagar. Vi lover ny kveik til alle språkinteresserte etter denne episoden av Språkoppdraget.

20 episoder