57: Nedlegginga av landbruket

42:46
 
Del
 

Manage episode 301614385 series 2799887
Av Gjengevoll Mangesysleri oppdaget av Player FM og vårt samfunn — opphavsrett er eid av utgiveren, ikke Plaer FM, og lyd streames direkte fra deres servere. Trykk på Abonner knappen for å spore oppdateringer i Player FM, eller lim inn feed URLen til andre podcast apper.

9 av 10 bønder har lagt ned sidan krigen. No produserer knapt 36.000 bønder meir mat enn 350.000 bønder gjorde i 1950.
Vi har vore på teater og sett Teater Vestland si framsyning "Bondetinget". I høve at Norges Bondelag er 125 år har dei valt å setja søkelyset på korleis den største bondeorganisasjonen sjølv har bidrege til utviklinga vi har vore vitne til sidan krigen.
Vi produserer mykje mat, ja, men kva har skjedd med bygdene og med sjølvforsyninga? Bønder har pliktoppfyllande effektivisert og utvida, og gjennom det drive bondekannibalisme, men dei tener mindre enn nokon gong før. Fortellinga om at vi berre treng å produsera meir for å verta lønsame, har vist seg å vera løgn.
I denne episoda diskuterer vi kva som er årsakene til utviklinga, kvifor det har vore så vanskeleg å endra ho, og kva vi må gjera framover for å snu medan vi framleis har bønder igjen.
Og! Kjetil har vore på marknad og Mari har vore på fjelltur.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no

90 episoder